Skulestart Florø barneskole

Forbod mot fyring med fosssil olje frå 01.01.2020

For å redusere klimagassutsleppa har Klima- og miljødepartementet (KLD) og Olje- og energidepartementet (OED) fastsett ei ny forskrift som forbyr fyring med mineralolje (fossil olje) til oppvarming av bygningar frå 1.1.2020. Dersom du har ein oljefyr eller oljekamin og fyrer med fossil olje, må du finne alternativ oppvarming innan 2020.
Forskrifta kan du sjå på https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-06-28-1060

Enova kan gje inntil kr 50 000 i støtte ut 2018 dersom du bytter ut oljefyren med ei varmeløysing som dei støttar. Dersom du har oljekamin kan du få kr 6000 i støtte dersom du erstattar den med ein reintbrennande vedomn, pelletskamin eller luft til luft varmepumpe. Støttebeløpet vil bli halvert i 2019 og avvikla heilt frå forbodet trer i kraft 01.01.2020.

Sjå meir informasjon på nettsida til Enova: https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/fjerne-fossil-oppvarming/