hamnebasseng langt

Forbod mot oljefyring

Frå og med 2020 er det forbode å bruke oljefyring til oppvarming av bustad. Dersom du bruker oljefyring i dag bør du undersøkje alternative metodar for oppvarming av bustaden din.

Tenesteomtale

Frå og med 2020 er det forbode å bruke oljefyring til oppvarming av bustad. Forbodet gjeld for alle bustader og bygningar i Noreg, men med noko få unnatak.
 
I fritidsbustader, hytter og fyrstasjonar utanfor straumnettet vil det framleis vere tillaten å bruke fossil fyringsolje og parafin. Det same gjeld for industribygningar.
Driftsbygningar i landbruket og sjukehus får nokre ekstra år, til 2025, på å gjennomføre tiltaka. 
Kommunen kan også i einskilde heilt spesielle tilfelle gi dispensasjon.
Dersom du fyrer med gass eller biofyringsolje, vil ikkje forbodet gjelde deg.
 
Forbodet gjeld berre oppvarming i bustad, og ikkje bygging eller annan produksjon.

Målgruppe

Det er både huseigar og brukar av fyringsanlegget som er ansvarleg for å følgje reglane.

Kriterium/vilkår


Pris for tenesta

Kommunen vil gjennomføre kontrollar for å sikre at forbodet blir overhalde. Kommunen kan ta eit gebyr for kontrollen.

Samarbeidspartnarar


Lover

Dette er eit lovpålagt forbod frå og med 1. januar 2020.

Forurensningsloven
Forskrift om forbud mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygninger

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta


Vedlegg


Saksbehandling

Kommunen kan i enkelttilfelle gjere unnatak frå forbodet. Eit slikt tilfelle kan for eksempel vere at forbodet får utilsikta konsekvensar, medfører urimeleg høge kostnader eller viser seg å vere teknisk svært utfordrande å overhalde.
 
Ønskjer du å søkje om unnatak kan du kontakte oss.
 
Kommunen sitt vedtak i saka er eit enkeltvedtak.

Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen sitt vedtak, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 09.01.2020 15:35