Båtar på hamna

Foreldrebetaling i barnehage

OBS: Slike søknadar skal ikkje sendast per e-post. 

Foreldrebetaling i barnehage er regulert i Lov av 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager m.v (barnehagelova) § 15, og Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.

Flora bystyre avgjer til ei kvar tid satsar for foreldrebetaling i dei kommunale barnehagane. Betalingssatsar vert fastsett kvart år i desember, i handsaminga av det kommunale budsjett og handlingsprogammet for det kommande året. Satsane for foreldrebetaling vert fastsett i samsvar med barnehagelova § 15, og forskrift om foreldrebetaling i barnehager.

Gjeldande satsar er å finne i det kommunale gebyr og avgiftsregulativet for varer og tenester.

Private barnehagar kan ha andre satsar for foreldrebetaling.

Betalingsordning
Foreldrebetalinga vert kravd inn kvar månad, dersom ikkje anna er avtalt. Føresette betaler for 11 månader, og elles for overskytande veker barnet er i barnehagen.
4 veker, tilsvarande 3 ferieveker og 5 planleggingsdagar er betalingsfrie. Juli er den betalingsfrie månaden. 

Ordinær foreldrebetaling

(forskrift om foreldrebetaling i barnehage §§ 1 og 2; utdrag)

Foreldrebetalinga for ein heildags ordinær barnehageplass skal ikkje settast høgare enn ei maksimalgrense, som vert fastsett av Stortinget kvart år. 

  • Ein heildags ordinær barnehageplass er ein barnehageplass med opphaldstid meir enn 41 timar pr. veke.

Foreldrebetalinga for eit deltidstilbod skal settast lågare enn foreldrebetalinga for eit heildagstilbod.

  • Eit deltidstilbod er ein barnehageplass med opphaldstid mindre enn 41 timar pr. veke.

Kostpengar i barnehage

Kostpengar til mjølk, frukt/grønt og måltid, kjem i tillegg til foreldrebetaling for barnehageplass. Det er ikkje søskenmoderasjon i høve kostpengar.

Dei barnehagane som har eiga ordning med matserving til barna, har høgare satsar til kostpengar enn det som går fram av det kommunale gebyr og avgiftsregulativet. Foreldrerådet i barnehagen avgjer ordning med matservering.


Moderasjonsordningar

Søskenmoderasjon
(forskrift om foreldrebetaling i barnehage § 3; utdrag)

Det er 30 % moderasjon i foreldrebetalinga for 2. barn og 50 % reduksjon i foreldrebetalinga for 3. eller fleire barn.

  • Søskenmoderasjonen omfattar søsken som bur fast saman.
  • Søskenmoderasjonen gjeld også for søsken som går i ulike barnehagar innan same kommune.

Ikkje-kommunale barnehage-eigarar får refundert reduksjon i foreldrebetalinga som følgje av søskenmoderasjon, som del av det offentlege tilskotet.


Nasjonale ordningar med reduksjon i foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt

Kommunen skal ha ordning som kan tilby fritak for, eller reduksjon i foreldrebetalinga.

Reduksjon av foreldrebetaling for foreldre med låg inntekt
(endring i forskrift om foreldrebetaling i barnehage § 3, gjeldande frå 01.05.2015);

Foreldrebetalinga skal for første barn i barnehage utgjere maksimalt 6 % av familien/hushaldninga si samla personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt, og vere avgrensa opp til maksimalgrensa for foreldrebetaling etter § 1.

Frå august 2019 gjeld dette hushaldningar som har samla inntekt som er lågare enn kr 548 500,-.

For andre, tredje og fleire barn skal foreldrebetalinga vere i samsvar med bestemmelsen om søskenmoderasjon. Denne er 30 % moderasjon for barn nr 2, og 50 % moderasjon for dei følgande barna, berekna ut av foreldrebetalinga for det første barnet. Klikk her for søknadsskjema.

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
(endring i forskrift om foreldrebetaling i barnehage § 3, gjeldande frå 01.08.2019);

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart som bur i familiar/hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke (gratis kjernetid). Ordninga gjeld for familiar/hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr. 548 500,- (Nasjonalt fastsett årsinntekt gjeldande frå 01. august 2019).

For andre, tredje og fleire barn skal foreldrebetalinga vere i samsvar med bestemmelsen om søskenmoderasjon. Denne er 30 % moderasjon for barn nr 2, og 50 % moderasjon for dei følgande barna, berekna ut av foreldrebetalinga for det første barnet.

Foreldre kan søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i samsvar med endringar i forskrift om foreldrebetaling § 3 gjeldande frå 01.05.2015 og 01.08.2016. Frå 01.08.2019 vil ordninga om gratis kjernetid også gjelde for 2-åringar). Det er utarbeidd eit eige søknadsskjema til føremålet.

  • Søknaden skal sendast til den kommunen der barnet er folkeregistrert.
  • Søknaden vil som hovudregel vare for eitt barnehageår av gangen.
  • Søknadsfrist er 1. juni kvart år
  • Foreldre til barn som startar i barnehage midt i eit barnehageår, vil også kunne søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.
  • Det kan også søkjast om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid dersom det i løpet av barnehageåret skjer vesentlege og varige endringar i hushaldninga si inntekt som fører til store inntektstap (langtids arbeidsløyse, endring i hushaldninga si samansetting eller liknande). Slike endringar må dokumenterast.
  • For søknadar mottatt i løpet av barnehageåret (utanom søknadsfristen 1. juni), vil retten til moderasjon gjelde frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet.

Kriteria som ligg til grunn for å få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

  • Foreldrebetalinga for første barn skal ikkje vere meir enn 6% av hushaldninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt, avgrensa til maksimalsatsen.
  • Hushaldninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt må vere lågare enn 548 500,- for redusert foreldrebetaling, gratis kjernetid 20 t/v for 2-, 3-, 4- og 5-åringar.
  • Ektefeller, registererte partnarar og sambuarar vert rekna som hushaldning.
  • To ugifte personar over 18 år som har bur saman i ekteskapsliknande forhold (minst 12 av dei siste 18 månadane), eller har felles barn, vert rekna som sambuarar.
  • Bur barn fast hos begge foreldre, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i den hushaldninga der barnet er folkeregistrert.

Sjølvmeldinga (-ane)/ skattemeldingane til hushaldninga for siste år, skal leggjast ved søknad om redusert foreldrebetaling og søknad om gratis kjernetid, som dokumentasjon.

  • Dersom sjølvmeldingane/skattemeldingane ikkje inneheld opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekt, skal dette opplysast om i søknaden.
  • Hushaldningar som ikkje kan legge fram sjølvmelding/skattemelding som dokumentasjon, må legge fram annan dokumentasjon som t.d. introduksjonsstønad, lønnslipp frå arbeidsgjevar eller skriv får NAV om stønad.

Flora kommune som barnehagemyndigheit har ansvar for å oppfylle foreldre med låg inntekt sin rett til reduksjon i foreldrebetalinga og rett til gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5- åringar. Retten gjeld for barn som er folkeregistrert i kommunen.

  • Når søknad er handsama og det er gjort vedtak om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar med heimel i Forskrift om foreldrebetaling i barnehage §3, vil foreldra automatisk få redusert foreldrebetalinga, uavhengig av om barnet går i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Ikkje-kommunale barnehageeigarar får refundert reduksjon i foreldrebetalinga som følgje av vedtak om redusert foreldrebetaling som del av det offentlege tilskotet.

Søknadar om reduksjon av foreldrebetaling for foreldre med låg inntekt og gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar vert å sende til:

Flora kommune
Markegata 51
6900 Florø