Båtar på hamna

Frisklivssentralen i Flora kommune

På tur i havgapet

Timeplan - Frisklivssentralen 2017

Frisklivssentralen i Flora kommune vart oppretta 1. januar 2012, som ein del av kommunen sin Helseplan del 1 m.a. for å styrke tiltaka knytt til fysisk aktivitet og sunt kosthald.

Sentralen er eit helsetilbod til befolkninga i kommunen, med vekt på førebyggjande helsearbeid.

Tilbodet er utvikla for å styrke din kontroll over eiga helse, primært gjennom endringsfokusert rettleiing og tilpassa tiltak for fysisk aktivitet, betre kosthald og røykeslutt.

Frisklivssentralen si viktigaste oppgåve vert å styrke positive helsefaktorar, og den skal bidra til å byggje opp meistringsfølelse, kapasitet og funksjon slik at fleire kan oppnå betre helesåtferd og takle kvardagens krav.

Gjennom ein FRISKLIVSRESEPT vert du tilvist til Frisklivssentralen, og skal i løpet av dei 3 månadane reseptperioden varar, få tilgang til følgjande tilbod:

  • Helsesamtale 1 og 2 (før og etter reseptperioden)
  • Tilpassa fysisk aktivitet, individuelt og/eller i grupper
  • Bra mat for betre helse – kurs
  • Røyk- og snuskutt

Du betaler ein eigenandel på kr 300,- pr reseptperiode.

Frisklivsresepten varer i tre månader, og starter med ei strukturert samtale, kor vi ser på moglegheiter og mål for perioden. Etter endt reseptperiode har vi ei ny samtale. Vi vil så saman vurdere i kva grad intensjonane og målsetjinga for perioden vart nådd. Vi vil og ha moglegheit for å forlengje reseptperioden med nye tre månader.

Målgruppa for Frisklivsresept er personar som har auka risiko for, eller som allereie har, sjukdomar eller lidingar, og som kan få betre helse av auka fysisk aktivitet, endra kosthald og/eller røykjeslutt.

Tilvising til Frisklivssentralen får du frå helsepersonell (t.d. fastlege, fysio- eller ergoterapeut, omsorgstenesta, NAV, bedriftshelsetenesta) og andre, som t.d. Tiltakstenesta, Helse Førde, KiF, Origod, helsesøster/skulehelsetenesta, Flora kommune v/ avdelingsleiarar. Du kan og sjølv ta kontakt med Frisklivssentralen.

Ta gjerne kontakt med Geir Giil eller anna helsepersonell for meir informasjon.