Skulestart

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018.

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidlegare år syner at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknadar frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Ønskjer å nå fleire
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. 

Du kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Her finn du også søknadsskjema. Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Lotteri- og stilftelsestilsynet på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnadar, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018. Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.