Skulestart Florø barneskole

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019.

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Ønskjer å nå fleire
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søker, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. 

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden. Her finn de og informasjon om viktige endringar i forskrifta som gjev effekt frå søknadsåret 2019.

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Søknadsfrist
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019.