Seglbåt med jente

Fulltekstvising av postlista på nett

Flora kommune skal ta i bruk fulltekstvising av postlista på nett. Det vil seie at all korrespondanse til og frå kommunen vert mogeleg å lese i PDF versjon på vår heimeside. Merk at dette gjeld berre opplysningar som ikkje er unnateke offentlegheita. 

Viktig å vite

  • All post, inkludert e-post, til og frå kommunen er offentleg om den ikkje inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt hjemla i lov
     
  • All post blir synleg på postlista
     
  • Alle inngåande og utgåande dokument kan bli lest direkte på nett via postlista dersom dei ikkje er unnateke offentlegheita

Du kan difor finne igjen brev og e-postar du har sendt til kommunen i denne oversikta. Korrespondansen kan vere sitert eller fullstendig gjengitt til dømes i aviser, radio eller på TV.

Alle dokument som ikkje er skjerma er tilgjengeleg på nett i PDF format i fulltekst frå 6. januar 2015.

Hovudregel

Hovudregelen er at alle saksdokument kommunen sender og tek imot er offentlege. Sjå desse lenkene:

- Offentleglova
- Rettleiar til offentleglova
- Offentlegforskrifta 

Meir om sakshandsaming av innsynsbestillingar og klage på rett til innsyn

Nokre av dokumenta kan innehalde opplysningar som etter lova ikkje er teiepliktige, men som vi av ulike grunnar vel å ikkje publisere. Desse dokumenta kan du sjølvsagt be om innsyn i. Du kan også be om innsyn i dokument som inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt. Kommunen vil då vurdere å sladde opplysningar, og du får innsyn i resten av dokumentet dersom det ikkje er sladda så mykje opplysningar at dokumentet ikkje gjev meining. Sakshandsaming og klage på avslag på innsynsførespurnad er regulert i kapittel 4 i offentleglova.