Skulestart Florø barneskole

Furuhaugane omsorgssenter

Furuhaugane Omsorgsenter har 50 plassar som vert nytta til lang- og korttidsopphald, samt rehabilitering. 

Ved Furuhaugane Omsorgssenter er drifta delt i to avdelingar.  Den eine har ansvar for langtidsplassar, den andre avdelinga har ansvaret for korttidsopphald og rehabilitering.  Ved korttidsavdelinga er det også eit akuttrom. 

Institusjonen har frokostgruppe og arbeidsstove som er open frå kl. 08.00 - 13.00 på kvardagar.  Her er tilbod om frisør og fotpleie, og bebuarane har rom med eigen dusj og wc.