hamnebasseng langt

Fv 548 Brandsøyvegen, vert opna for gjennomkøyring mandag 6.desember

Arbeid på parsell 2, Solheimslia - Krokavegen, vert  utsett over vinteren.

Flora kommune har i samråd med SFE Nett AS bestemt å utsette gravearbeidet på parsell 2 i prosjektet Verpevika - Krokavegen til vinteren er over. Parsell 2 strekk seg frå Solheimslia og fram til Krokavegen.

Årsaka til utsettinga er utsiktene om meir kaldt veir framover. Det er ikkje tilrådeleg å starte graving / sprenging av grøft og legging av kablar og rør når ein no har frost og vinterlege tilhøve.

Denne veka vil entreprenøren gjere seg ferdig med overflatearbeid på strekninga Verpevika - Solheimslia, og få på plass midlertidig skilting, merking og sperring som Statens vegvesen krev for å få ei sikker trafikkavvikling.

FV 548 Brandsøyvegen, vert opna for gjennomkøyring mandag 6. desember.

Ein vil kome tilbake med ny informasjon i god tid før gravearbeida på strekninga Solheimslia - Krokavegen startar opp att.