Fysio- og ergoterapitenesta
Fysio- og ergoterapitenesta har som mål å bistå menneske i alle aldrar med ulike typar fysiske funksjonshemmingar slik at den enkelte får best mogeleg føresetnader for meistring og deltaking i det daglege liv.
Prioriterte grupper for den kommunale tenesta:
- Heimebuande eldre med spesielt fokus på rehabilitering.
- Funksjonshemma barn / unge som treng særleg oppfølging i høve motorikk og ergonomi.
- Førebyggjande arbeid retta mot alle aldersgrupper
Private fysioterapeutar:
Fysioterapigruppa SMS er private fysioterapeutar med driftsavtale. Dei tek imot alle grupper. For å få time hjå desse må du ha henvisning frå lege.