Seglbåt med jente

Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio- og ergoterapitenesta har som mål å bistå menneske i alle aldrar med ulike typar fysiske funksjonshemmingar slik at den enkelte får best mogeleg føresetnader for meistring og deltaking i det daglege liv.

Prioriterte grupper for den kommunale tenesta:

  • Heimebuande eldre med spesielt fokus på rehabilitering.
  • Funksjonshemma barn / unge som treng særleg oppfølging i høve motorikk og ergonomi.
  • Førebyggjande arbeid retta mot alle aldersgrupper

Private fysioterapeutar:
Fysioterapigruppa SMS er private fysioterapeutar med driftsavtale. Dei tek imot alle grupper og gjer ei vurdering av behandlingsbehov. Ein treng ikkje henvisning frå lege, men tek direkte kontakt for timeavtale.