hamnebasseng langt

Fysioterapi

Tenesteomtale

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

Målgruppe

Alle personar uavhengig av alder med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde

Kriterium/vilkår

Fysioterapeuten gjer ei undersøking og ei fagleg vurdering av behov og tiltak.

Eigendel for brukarar over 16 år

Frå 01.01. 2019 kjem kommunale fysioterapeutar til å krevje eigendel for sine tiltak til brukarar over 16 år, til  liks med dei privatpraktiserande fysioterapeutane, jf Forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi m.m.

Eigendel vert teke etter staten sine statsar, jf. Forskrift om egenandelstak 2 (eigenandelstak 1 gjeld for lege, pasientreise m.m.) 
Frikort til brukar vil bli sendt automatisk frå Helfo når taket på eigendel er nådd, per i dag kr. 2085,- .
 
Eigendel gjeld for:
  • Undersøking og behandling hos fysioterapeut (gjeld for både privat og kommunalt tilsett fysioterapeut)
  • Individuell undersøking og behandling
  • Behandling i grupper (td. styrke og balansegruppe, artrose mfl.)
  • Veileda trening mellom behandlingane
  • Fysioterapi som ledd i rehabilitering / kvardagsrehabilitering
Det kan ikkje krevast eigendel for fysioterapi ved: 
  • Bebuar i sjuke- og aldersheim, inklusiv korttidsavdeling og heildøgnsbemanna omsorgsbustad
  • Fysioterapi i Helsestasjon
  • Førebyggande tenestser (td. Førebyggande heimebesøk)
  • Utprøving og tilpassing av hjelpemidler
  • Tverrfaglege møter
  • Nødvendige samtalar med pårørande
  • Veiledning og opplæring av pårørande og anna personell
  • Barn under 16 år
  • Behandling for yrkesskade