Skulestart Florø barneskole

Reglement for gåver og anna påskjøning til kommunalt tilsette

Forfattar: Terje Heggheim Frå dato: 05.06.2002 Oppdatert: 06.12.2010 BS 1/90, BS 126/09

Følgjande retningsliner gjeld for tildeling av gåver og anna påskjønning i Flora kommune:

1. Til tilsette som framleis er i stilling:
* Bryllaup Blomster/gruppe
* Fødselsdag 50 år Blomster m/vase
* Fødselsdag 60 år Blomstergruppe
* Gåve etter 25 års tenestetid i kommunen:
Gåve etter den tilsette sitt eige ynskje og med verdi kr 4.500,-
Overrekking ved Fellestilstelling (Fag-og fest, ol) eller på arbeidsstaden, dersom den tilsette ønskjer det.
* Ved dødsfall: Krans

2. Til tilsette som sluttar i kommunal stilling:
* Etter mindre enn 15 års tenestetid: Blomster/gruppe
Tenesta tek seg av overrekking ved intern tilstelling.
* Med tenestetid mellom 15 og 25 år: Gåve med verdi kr 3.000, innanfor same utval som pkt 1.
Tenesta tek seg av overrekking ved intern tilstelling.
* Med tenestetid over 25 år: Blomster/gruppe og bordflagg/plakett
Tenesta tek seg av overrekking ved intern tilstelling.
* Med tenestetid over 30 år:
Kommunen søkjer å få tildele KS sitt heidersmerke m/diplom,-. I tillegg kjem bordflagg/plakett. Kan også tildelast tillitsvalde.
Tilstelling blir ordna gjennom personalavdelinga.
* Med tenestetid som tillitsvald/politikar i minst 24 år/minst 6 periodar i «oppdrag av særleg betydning»:
Kommunen søkjer å få tildele KS sitt heidersteikn m/diplom. I tillegg kjem bordflagg/ plakett.
Tilstellinga blir ordna gjennom ordførar/ personalsjef.

3. Gåver og anna påskjøning til fokevalde og andre og/eller ved høve som ikkje er nemnt ovanfor , blir å vurdere i kvart enkelt tilfelle av personalsjef/ rådmann/ordførar.

4. Til tilstelling som følgje av ovanståande kan også inviterast ektemake/sambuar.

5. Tenestene har ansvaret for å gje melding om aktuelle anledningar innan sitt ansvars-/personalområde til personalsjefen. Vedkomande tenesteleiar syter for innkjøp av gåver m v og for utdeling av desse. Kostnader blir å utgiftsføre over vedkomande tenesta sin konto for kontorutgifter.

6. Tilstellingar som ikkje skjer på den enkelte arbeidstakar sin arbeidsstad, har personalsjefen ansvar for.

7. Reviderte satsar gjeld frå 01.12.09.

____________________________
Pkt.2, siste stjernepunkt, er tatt inn administrativt i samarbeid med utarbeiding av personalhandbok for kommunen.

Vedtekter for Kommunenes Sentralforbunds (KS) heidersteikn og heidersmerke, jf

Avgift for medalje og merke, som begge er utført i sølv og emalje er fra 1. juni 2009 henholdsvis kr 2160,- for medalje og kr 720,- for hedersmerket. Prisen er uten mva. Personer som har fått tildelt medalje har rett til å kjøpe merket.

Søknad om KS-medalje og KS-hedersmerke sendes til:
Elektronisk: ks@ks.no
Faks: 22 83 22 22
Post: KS, Postboks 1378 Vika, 0114 Oslo

 

SENTRALE LENKER OG DOKUMENTER
* Hedersmerke Vedtekter for KS-hedersmerke
* Søknad om hedersmerke Søknadsskjema
* Medalje Vedtekter for medalje
* Søknad om medalje Søknadsskjema