Båtar i havnebassenget

Kommunereform: Samanslåing på kysten

Kva seier regjeringa:
Kommuneproposisjonen for 2015 legg grunnlaget for arbeidet med ei ny kommunereform, der regjeringa ønskjer å flytte makt og ansvar over til meir robuste kommunar. Målet er eit lokaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre verdiskaping og trivsel. Kommunane er pålagt eit stort ansvar i prosessen, og det vert lagt opp til at alle kommunar skal gjennomføre utgreiingar, drøfte og vurdere samanslåing.

Les meir om status for kommunereforma hjå regjeringa.no.

Prosessen om samanslåing mellom Flora og Vågsøy er omtalt hjå regjeringa.no sine sider under pkt. 5.18. Les meir om dette hjå regjeringa.no, prop. 96 S.

Stortinget sitt vedtak 08.06.2017

Alle av Stortinget sine 169 representantar vart samla når samanslåing av Flora og Vågsøy kommune skulle avgjerast. 

Stortinget vedtok samanslåing av Flora og Vågsøy kommune frå 01.01.2020 med 92 røyster for og 77 røyster mot. Bremanger vil bestå som eigen kommune.

Fylkesmannen si tilråding 20.04.2017

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/ Anne Karin Hamre har i dag lagt fram si tilråding om samanslåing av kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy.

Fylkesmannen meiner ein samanslåing av Flora og Vågsøy berre delvis oppfyller måla for kommunereforma og kriteria for ein god kommunestruktur. 

Les meir på Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si heimeside.

Kva gjer Flora kommune no?
Flora og Vågsøy kommune har i februar/mars 2017 vore i fire forhandlingsmøter om samanslåing av kommunane.

Gammalt utkast før endringar: utkast frå forhandlingsutvala til intensjonsavtale om samanslåing mellom Flora og Vågsøy kommune.

Gjeldande intensjonsavtale etter vedtak i Flora bystyre 03.04.2017 og Vågsøy kommunestyre 30.03.2017.

Bystyret i Flora har godkjent intensjonsavtala som grunnlag for å slå seg saman med Vågsøy.
 

Vegen vidare
Søknad om samanslåing er no sendt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen kjem med si tilråing 20. april. Saka blir så sendt til departementet og Stortinget for endeleg handsaming. Det er lagt opp til vedtak i Stortinget 14. juni. Først då får vi vite om kommunane blir slått saman.


Aktuelle utgreiingar
PwC utførte i januar/februar 2016 utgreiingar om kystalternativet som framleis er aktuelle i dag. 


Referat frå forhandlingsmøte 13.02.2017


Referat og informasjon frå forhandlingsmøte 20.02.2017


Referat frå forhandlingsmøte 27.02.2017


Resultat frå spørjeundersøking utført av Sentio Research Norge AS
Sentio Research Norge AS utførte mellom 09. og 16. mars spørjeundersøking blant eit representativt utval av innbyggarane i Vågsøy og Flora om samanslåing av kommunane. Her kan du lese resultatet:


Felles formannskapsmøte om kommunereforma 20.03.2017:
Fylkesmannen sin presentasjon
Kinn? Presentasjon med Geir Vinsand
Intensjonsavtale - presentasjon 
Opptak frå direktesendt felles formannskapsmøte


Bystyrehandsaming Flora kommune 21.03.2017: 
Søknad om samanslåing mellom Vågsøy og Flora kommunar
Bystyrevedtak, sak 17/17: "Søknad om samanslåing mellom Vågsøy og Flora kommunar"
 

Bystyresak 03.04.2017 - justering av intensjonsavtale

Bystyrevedtak, sak 27/17 - Justering av intensjonsavtale om samanslåing mellom Flora og Vågsøy kommunar


Meir informasjon