Skulestart Florø barneskole

Godkjend reguleringsplan: Privat detaljreguleringsplan for del av GBnr 26/3, Havikbotn

Detaljreguleringsplanen er godkjent av Florabystyre 20.12.2016, sak 118/16, med heimel i PBL §12-12.

Planområdet omfattar del av Gbnr 26/3 i Havikbotn. Planområdet er ca. 50 dekar etter utviding og grensar mot riksveg, LNF-område og etablert næringsareal. På motsett side av riksvegen er det eit etablert bustadområde.

Som følgje av klage på vedtak oppheva Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Flora bystyre sitt planvedtak den 09.06.2015, sak 33/15. Som følgje av dette har Flora bystyre fatta nytt planvedtak i saka.

Den godkjende reguleringsplanen er også tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon og service, Flora samfunnshus, fram til 24.01.17. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, innan 24.01.17. Du kan også nytte vårt elektroniske skjema for høyringsuttale (ID-porten for innlogging).

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa

Dokument: