hamnebasseng langt

Godkjende reguleringsplanar

Dei godkjende reguleringsplanene er også tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon- og Service (Tenestetorget), Samfunnshuset. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til:

Flora kommune
Plan og Samfunn
Markegata 51
6900 FLORØ

innan 30.06.2014. 

PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FOR BREIVIKA SMÅBÅT-HAMN UTVIDING,  PLANID: 20010106. 
 
Detaljreguleringsplanen er godkjent av Florabystyre 09.04.2013, sak 017/13, med heimel i PBL §12-12.  

Etter skader hamna har vore utsett for etter kraftige stormar og uver dei siste åra, er det planlagt fylling mellom "moloøya" og stranda i nordre del av anlegget, og etablering av bølgjevern med forlenging av den søre hovudmoloen. Omfanget av planendring og skjermingstiltak går fram av plankart og føresegner oppdatert og tilpassa kartforskrifta etter møte i bystyret 09.04.2014. 

Vedlegg:

DETALJREGULERINGSPLAN FOR SOLDALVEGEN, PLANID: 20130109

Detaljreguleringsplanen er godkjent av Florabystyre  03.06.2013, sak 017/13,  med heimel i PBL §12-12. 
I samband med planarbeidet for Kinnvegen har det ikkje lukkast i få tilfredsstillande kryssløysing for nytt kryss til Soldalen. Kommunen har utført eit planarbeid som omfattar ny tilkomst til Soldalvegen med alle eigedommar som i dag har tilkomst frå denne vegen og aktuelle nye tomter som vert utløyst av ny veg.

Vedlegg:

Dei godkjende reguleringsplanene er også tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon- og Service (Tenestetorget), Samfunnshuset. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til:

Flora kommune
Plan og Samfunn
Markegata 51
6900 FLORØ

innan 30.06.2014. 

Evt. krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa