Skulestart Florø barneskole

Godkjent reguleringsplan for Joneset, Skorpa

Flora bystyre har i sak 030/19 godkjent Detaljreguleringsplan for Joneset, gbnr 37/7, Skorpa, hytter, planid 20170101. Planen erstattar tidlegare planar for området.

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Planen er også tilgjengeleg for gjennomsyn på informasjon og service(Tenestetorget), Flora samfunnshus.

Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til Flora kommune, via skjema "klage på plan eller byggesak", på epost til postmottak@flora.kommune.no eller i post til Markegata 51, 6905 Florø, innan 21.06.2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Plandokument