Seglbåt med jente

Personvernerklæring for Flora kommune

Nye personvernreglar i 2018

Norge og EU får nye personvernreglar i 2018, og dei nye reglane seier mellom anna at offentlege verksemder har plikt til å ha eit personvernombod. Den nye personopplysingslova som er vedtatt i Norge kjem truleg til å gjelde frå 1. juli 2018. Personopplysningsloven vart kunngjort 15.06.2018.

Flora kommune si nye personvernerklæring er gjeldande i tråd med føringane i personvernforordninga. På denne sida vil du finne vår generelle personvernerklæring, og andre spesielle personverneklæringar som vil kome. 

 


 

Vi nyttar også Google analytics

Flora kommune nyttar analyseverktøyet Google Analytics på sin heimeside. Den generelle informasjonen vi samlar inn vert berre nytta til statistiske målingar av interesseområda til våre brukarar. All informasjon som samlast inn vert anonymisert og kan ikkje sporast tilbake til deg. 

Kvifor gjer vi dette?

Vi samlar inn slik informasjon til forbetring av heimesida, slik at den skal opplevast meir intuitiv og strømlinjeforma. Det er viktig for oss at du finn informasjonen du treng så fort som mogleg. Ved å samle inn informasjon om korleis du nyttar heimesida hjelper oss godt på veg i vårt arbeid, og gjer din kvardag enklare på same tid.