Skulestart

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 og seinare (ny dato)

Ny datoar:

Onsdag 23. mai 2018, kl. 15:00 - 16:30

Unge kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, har tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Tilbodet er midlertidig og vaksinering må starte seinast i desember 2018, og den siste av dei tre dosene må vere tatt innan 1. juli 2019. Vaksine vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjonen er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg, og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 65 - 100 dør av sjukdommen. Vaksine kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan ikkje vaksinerte kvinner fødd i 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein 2 års periode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6 - 12 månader, og må difor bli starta opp innan utgangen av 2018. 

Flora helsestasjon gjev tilbod om HPV vaksinering i 2018

  • Onsdag 23. mai 2018, kl. 15:00 - 16:30

Ta kontakt med Flora helsestasjon på tlf. 57 74 00 04 for timebestilling. Ring også dersom du ønskjer meir informasjon.

Informasjon om HPV og HPV-vaksine

•    Folkehelseinstituttet, HPV-vaksine