Skulestart

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 og seinare

Nye datoar:
Torsdag 28. desember  10.00 - 14.00
Tysdag   02. januar       15.00 - 17.00

 

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papilloma virus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksine vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjonen er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg, og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 65 - 100 dør av sjukdommen. Vaksine kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan ikkje vaksinerte kvinner fødd i 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein 2 års periode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6 - 12 månader, og må difor bli starta opp innan utgangen av 2018. 

Flora helsestasjon gjev tilbod om HPV vaksinering

  • Torsdag 28.desember 10.00 - 14-00
  • Tysdag  02.januar       15.00 - 17.00

Ta kontakt med Flora helsestasjon på tlf. 57 74 00 04 for timebestilling. Ring også dersom du ønskjer meir informasjon, eller om eventuelle andre moglege tidspunkt for vaksinering. Vi gjev tilbod om HPV vaksinering fortløpande.

Informasjon om HPV og HPV-vaksine

•    Folkehelseinstituttet, HPV-vaksine