hamnebasseng langt

Gratis spelemiddelkurs i august

Vil du etablere eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller vidareutvikle eit kulturbygg, men treng finansiering? Bli med på spelemiddelkurs i august.

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer gratis spelemiddelkurs i Stryn, Florø, Lærdal og på Skei i august. Kurset er på kveldstid og varer i tre timar. Kurset tek føre seg krava for å få ein spelemiddelsøknad godkjend.

Les meir om kurset og korleis melde deg på hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune sine heimesider.