Skulestart

Gratis tilbod om aktivitetar for barn og unge

Flora Frivilligsentral tilbyr gratis deltaking i jamleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!

Fritidserklæringa

Fritidserklæringa vart signert av statsministeren, fleire statsråder, KS, Norges Idrettsforbund m.fl. i juni 2016. Denne seier at alle barn og unge skal få sjansen til å delta på fritidsaktivitet uavhengig av foreldre sin sosiale eller økonomiske situasjon.

For å lukkast med arbeidet må vi alle gjere ein innsats, både tilsette i kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Difor må vi samarbeide om å gje god og tilpassa informasjon til barn, ungdom og føresette som står utanfor dei organiserte fritidstilboda. Flora kommune v/ Flora Frivilligsentral har fått tildelt økonomiske midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i tillegg til Gjensidigestiftelsen som gjer til at vi kan støtte barn og unge med medlemskap i lag og organisasjonar.

Kjenner du nokon?

Kjenner du eit barn eller ein ungdom som kan trenge eit kjekt fritidstilbod som til dømes synge i kor, delta i idrett, på speidaren, i kulturskulen, i korps eller drillen, på besøksgard i Soldalen eller liknande? Ta kontakt med oss! Vårt mål er at alle skal få eit tilbod på fritida si.

Kontakt Flora Frivilligsentral

Siri Stavang, frivilligkoordinator, 45877783 / siri.stavang@flora.kommune.no (mån-tor kl. 0800-1530)
Bente Nilsen, dagleg leiar, 90222692 / bente.nilsen@flora.kommune.no (mån-fre kl. 0800-1530)

Få informasjon og følg oss på facebook: https://www.facebook.com/florafrivilligsentral/.