Seglebåt med jente

Gratistilbod for barn, unge og familiar november og desember 2017

Flora Frivilligsentral har lagt til rette for fleire gratistilbod til barn, unge og familiar i løpet av november og desember 2017. Sjå oversikta nedanfor og heng deg med!

Gratistilbod i november og desember
Tysdag 14. november:

Gratis kino for barn og unge - Reisen til Fjørkongens rike
Filmen starter kl. 18:00.

Søndag 19. november

Gratis open dag for familiar ved Soldalen besøksgård
Påmelding innan 12. november. Send SMS til Tonje på tlf. 924 62 201 med namn og alder på barnet, samt tlf.nr. til kontaktperson. (Bindande påmelding).

Meir informasjon.

Laurdag 25. november

Gratis buss til bornas verdsdager i Førde, for dei utan bil. Påmelding innan 15. november til Siri Stavang, siri.stavang@flora.kommune.no, tlf. 458 77 783.

Meir informasjon.

Onsdag 29. november

Gratis open dag for jenter 5. - 7. klasse ved Soldalen besøksgård. Påmelding innan 15. november til Tonje på tlf. 924 62 201 med namn og alder på barnet, samt namn og tlf.nr. til kontaktperson. (Bindande påmelding).

Meir informasjon.

Laurdag 09. desember

Gratis juleverkstad ved byakvariet for familiar og barn. Påmelding innan 19. november til Monica Landøy, tlf. 911 02 903, e-post monlan@online.no, med alder på barn og vaksne du melder på.

Meir informasjon.

Torsdag 28. desember Gratis kino, familiefilm (kva film det blir kjem seinare). Ope for alle, inga påmelding.
Tysdag 09. januar

Oppstart Soldalen besøksgård, kvar tysdag fram til 19. juni. Påmelding innan 30. november til Tonje på tlf. 924 62 201 med namn og alder på barnet, samt namn og tlf.nr. til kontaktperson.

Meir informasjon.