Ytteroyane

Heime-PC og heimekontor, reglement for tildeling

Frå dato: 18.11.2005

1. Omfang

Dette reglementet gjeld retningsliner for tildeling heimekontorløysingar.

2. Kvem reglementet gjeld for

Reglementet gjeld for tilsette og folkevalde i Flora kommune.

3. Heimel og gyldigheit

Reglementet vert vedteke av administrasjonsutvalet med heimel i Møte- og delegasjonsreglement for Flora kommune, kapitel 6, punkt 2.2.6. 

Reglementet trer i kraft med verknad frå 1. januar 2006 og gjeld inntil vidare.

4. Avgjerdsmynde

Tildeling av heimekontor vert avgjort av:

  • For rådmannsgruppa og stabssjefane ligg avgjerdsmynde til formannskapet
  • For andre tilsette i kommunen tek rådmannen avgjerd
  • For folkevalde avgjer formannskapet.

5. Kven kan ha heimekontor

Arbeidstakarar kan tildelast heimekontorløysing etter avtale. 

6. Type ordningar

I Flora kommune er det følgjande to ordningar
a.
Arbeidstakar disponerer arbeidsgivar sin PC med tilhøyrande utstyr. Kostnadene vert å dekke fullt ut som omtala i punkt 14 ”Refusjon av utgifter”
b.
Den tilsette vert gitt tilgang til kommunen sitt nettverk via sitt eige utstyr. Kostnadene vert dekka med 50 %, jamfør punkt ”Refusjon av utgifter” eventuelt punkt 14.3 ”Refusjon av variable telekostnader”.

7. Tryggleik

Tilgangen til dei kommunale administrative systema utanfrå skal ikkje svekke tryggleiken til systema. Det vert ikkje gitt tilgang til den sensitive delen av nettverket. 

Kommunen kan når som helst krevje kontroll av tryggingsrutinane.

8. Bestilling av installasjon

8.1 Standardinstallasjon
Standard oppkoplingsmåte heimanfrå er basert på ADSL. Abonnementet er privat. Den enkelte er sjølv ansvarleg for å bestille ADSL-abonnement.
Der ADSL ikkje er tilgjengeleg, eller når andre grunnar taler for det, kan andre kommunikasjonsløysingar vere aktuelle.

8.2 Installasjon av ISDN
I dei tilfelle der ADSL, eller andre fastpris baserte tilknytingsformer ikkje er tilgjengeleg, eller uforholdsmessig kostbar, kan ISDN-abonnement bli dekka. Den enkelte er sjølv ansvarleg for å bestille ISDN-abonnementet.

Det vert ikkje gitt refusjon for tidlegare installert ISDN-line.

9. Kommunalt utstyr

Den normale PC-en som arbeidstakar disponerer er ein berbar PC, som også skal kunne nyttast til andre føremål i arbeidsgivar si teneste. I tillegg kan det bli vurdert at arbeidstakaren kan disponere utstyr heime, som til dømes ekstern mus, ekstern tastatur, frittståande skjerm og skrivar.

10. Installasjon av programvare

Annan programvare enn den som er levert, skal ikkje installerast på kommunalt eigd utstyr utan skriftleg avtale med rådmannen. Dersom dette likevel vert gjort, dekker ikkje kommunen oppretting av feil på utstyret.

11. Plassering av kommunalt utstyr i heimen

Det vert føresett at bustaden vert låst etter alminnelege forsikringsmessige reglar.

12. Eigedomsrett

Utstyr som er finansiert av kommunen er kommunen sin eigedom, og er dekka av kommunale forsikringar.

13. Brukarstøtte på kommunalt eigd utstyr

13.1 Feil på kommunalt eigd utstyr
Ved feil på utstyret er det den tilsette sitt ansvar å levere dette til arbeidsgivar. Desse feila vil ha prioritet etter feil på utstyr på den enkelte sin arbeidsplass.

13.2 Rutinar ved feilsituasjonar
Ved feil eller liknande skal vedkomande rette seg til den ordinære brukarstøtta for IT, etter dei prosedyrar som elles gjeld.

14. Refusjon av utgifter

14.1 Refusjon av kostnader til installasjon
Etter nærare avtale med kommunen kan installasjon av ADSL dekkast etter bilag. Det vert ikkje gitt refusjon for tidlegare installerte liner.

Etter nærare avtale med kommunen kan installasjon av ISDN dekkast etter bilag der breibandtilkyting ikkje er mogeleg. ISDN-abonnementet er privat. Kommunen dekker ikkje fleire ISDN-abonnement/fasttelefonabonnement. Det vert ikkje gitt refusjon for tidlegare installerte ISDN-liner.

14.2 Dekning av abonnement
For arbeidstakarar som vert tilstått heimekontorløysingar, vert ADSL-abonnement dekka med for tida kr 350,- brutto per månad.
ISDN-abonnement vert dekka med for tida kr 230,- brutto per månad.
Rådmannen kan endre desse satsane i samsvar med endring i marknadsprisane.

14.3 Refusjon for variable ISDN-kostnader
Variable ISDN-kostnader vert refundert ved framsetting av krav. Kopi av rekninga vert å legge ved. Arbeidstakar skal opplyse om kor stor del av dei variable ISDN-kostnadane som gjeld arbeidsforholdet. Oppgjeret byggjer på full tillit mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.

15. Den tilsette sine forpliktingar

 15.1 Bestillingsrutinar
Alle bestillingsrutinane skal følgjast. Ein kan avvike frå standard på kommunalt eigd utstyr dersom det er gitt skriftleg samtykke frå rådmannen på dette.

15.2 Råderett over kommunen sitt utstyr
Arbeidstakaren har ikkje høve til å låne vekk (overflytte frå eigen bustad) utstyret til andre. Han kan heller ikkje på annan måte overdra rettane etter desse retningslinene. Det vert også presisert at arbeidstakaren ikkje har rett til å kopiere programvare over til annan maskin, diskett, CD eller liknande. Dette gjeld ikkje kopiering til tryggleiksføremål.

15.3 Ivaretaking og tryggleik
Den tilsette har plikt til å passe godt på utstyret og ta vare på det på sikkert vis. Vidare har medarbeidaren ansvar for at instruksjonar, manualar og liknande vert følgd.

15.4 Arbeidsforhold i heimen
Den enkelte er sjølv ansvarleg for å legge til rette for akseptable fysiske arbeidsforhold i heimen.

16. Opphøyr av avtalen

16.1 Overgang til annan stilling. Endring i tilsettingsforholdet
Når ein arbeidstakar går over i annan funksjon eller stilling eller at stillinga sine oppgåver og innhald vert endra, skal ordninga med heime-PC og heimekontor vurderast på nytt.

16.2 Arbeidstakar som sluttar eller går ut i permisjon
Når arbeidstakar sluttar eller går ut i permisjon, opphøyrar ordninga ved sluttdato eller permisjonsdato. Dette gjeld ved permisjon ut over tre månader. Utstyret vert å levere tilbake ved sluttdatoen eller permisjonsdatoen.

Dersom eit tilsettingsforhold vert avslutta innan eitt år etter at eventuell installering er bestilt, kan installasjonskostnadane bli trekt i samband med lønsutbetaling, eventuelt kravd tilbakebetalt på annan måte.

Det vert ikkje gitt refusjon for eventuelt ekstrautstyr medarbeidaren sjølv har installert og som følgjer med tilbakeleveringa.

17. Rutinar og oversikt over kven som har heimekontorløysingar

Dei som tildeler heimekontorløysingar med heime-PC skal ha dokumenterte rutinar over kven som har dette finansiert av kommunen. Ordninga vert å registrere i løns- og personaldatasystemet under kategorien ”ytingar”.