Ytteroyane

Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til den som ikkje lenger klarer å gjere delar av daglege gjeremål over kortare eller lengre tid

Heimehjelpa gjer lettare husarbeid som til dømes:

  • Støvsuging, støvtørking
  • Vanleg reingjering av rom som er i bruk
  • Vasking av klede
  • I enkelte tilfelle hjelp til personleg hygiene
  • Vask av vindauge som er lett tilgjengeleg kan vaskast etter avtale, inntil to gonger per år.

Heimehjelpa gjer ikkje:

  • Storreingjering
  • Rensing og risting av store tepper
  • Hagearbeid

Det vert kravd eigenbetaling  for tenesta. Eigenbetalinga vert vurdert utfrå den einskilde si inntekt.

Det er eit krav at den som får tildelt tenster er tilstades så lenge heimehjelpa er der.  Unntak må avklarast med tenesteleiar.


Saksgangen

  • Skjema og hjelp til utfylling av søknad kan ein få ved å henvende seg på Informasjon og service 
  • Søknad skal fyllast ut av søkjar sjølv eller hjelpeverge/pårørande og sendast Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø
  • Omsorgsenesta tek kontakt med søkjar så fort som mogleg, og avtaler heimebesøk.
  • Omsorgstenesta vurderar saman med søkjar behovet for hjelp
  • Hastesaker tek ein på telefon
  • Tildelingsnemnda fattar vedtak 

Klage
Vedtaket kan påklagast.  Klage kan sendast til den instansen som har fatta vedtaket innan 3 veker.