Ytteroyane

Heimesjukepleie

Heimesjukepleien kan gi hjelp og rettleiing til den som treng pleie og omsorg i heimen, samt medisinsk behandling i samråd med lege

Målgruppe
Søkjar må bu – eller mellombels opphalde seg i kommunen og ha trong for naudsynt helsehjelp.  Det er ein føresetnad at ein grunna helsesvikt, ikkje sjølv er i stand til å utføre hygiene, sårstell, medisinering og medisinsk behandling som er føreskrevet av lege.

Behandlinga skal være ein type som kan utførast i heimen. 

Eit vilkår kan også være manglande evne til å meistre kvardagen grunna psykisk liding.

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for heimesjukepleie. 


Saksgang

  • Skjema og rettleiing til utfylling av søknadskjema kan ein få ved å vende seg til Informasjon og service
  • Søknad skal fyllast ut av søkar sjølv eller hjelpeverge
  • Søknaden skal sendast til:  Flora kommune, Omsorgstenesta, Markegata 51,  6900 Florø
  • Tenestestaden tek kontakt med søkar så fort som mogleg, og avtaler heimebesøk
  • Omsorgstenesta vurderer saman med søkar behovet for hjelp
  • Hastesaker vert tekne på telefon
  • Tildelingsnemda fattar vedtak

Klage
Vedtaket kan påklagast.  Klage sendast til den instans som har fatta vedtaket innan 3 veker.