Skulestart Florø barneskole

Historie og forminne

Flora kommune har ei rik historie og mange kulturminne.

Flora satsar på å bruke kulturminna m.a. som ein del av Fjordkysten og reiselivssatsing.  I Ausevik er Vestnorsk Bergkunstsenter under planlegging, og 1. byggesteg vart sluttført i juni 2009 med sanitærbygg, stiar, skilting, publikumsrampe. Veteranbåtmiljøet er godt representert gjennom Atløy og Svanhild. Middelalderkyrkja Kinnkyrkja er sentrum for det årlege KinnaspeletKystmuseet for Sogn og Fjordane ligg i Florø. I Kulturhistorisk leksikon kan du lese meir.


SvanhildNytt historieverk for Flora.
Det er sett i gang arbeid med nytt historieverk for Flora. Midlane vart lagt inn på investeringsbudsjettet frå 2009, og ligg inn med faste beløp kvart år i økonomiplanen. Etter offentleg utlysing i 2009 fekk Selja Forlag arbeidet med å lage verket, som er planlagt i to bind på ca 500 sider kvart. Forlaget har engasjert historikar Gaute Losnegård frå Fjaler til å skrive verket. Første bind, som skal gå fram til 1860, skal vere ferdig hausten 2012, og då startar arbeidet med bind 2 opp straks. 

 
ANDRE HISTORIEBØKER FRÅ FLORA:

1999: Harald J.Stavang: ”FLORA. Kulturhistorisk vegvisar” (Selja Forlag 1999). Flora kommune tok initiativet overfor forlaget og støtta boka økonomisk. Boka kan enno kjøpast i bokhandelen.

I 2001 kom ”Skjønn er du by. Songbok for Flora-folk” som vi sjølve gav ut.
Boka var ein presentasjon av hyllingssongar til Florø og Flora, og med boka følgde ei CD-plate der kora i Flora syng nokre av songane i boka. Boka (med CD-plate) kan kjøpast på kulturkontoret eller hos Økland Libris.

Malvin Toft har skrive ei rekke bøker om båtar på Selja Forlag, åleine eller i lag med andre:

  • Båtar med sjel (2002)
  • Havet tok (2003)
  • Sildeeventyret (2004)
  • Båtar med sjel II (2007)
  • Båtar med sjel III (2009)

Trond Strømgren har skrive ei rekke historiebøker med utgangspunkt i Batalden utgjeve på sitt eige forlag, Stromgren Publishing. Bøkene har engelsk samandrag
- Øysamfunnet Batalden bind 1: Natur, butsetnad og levesett (2004)
- - Bind 2A:Fiskrei (2006)
- - Bind 2B: Forlis og utvandring (2008)
- Sild og potet + engelsk utgåve: Survival (2007)
- Fantastiske Flora / norsk og engelsk utgåve (2010)
 

Magnus Helge Torvanger og Trond Strømgren gav i 2001 ut ”M/S Atløy” (Selja). Torvanger har elles skrive bøker med stoff om fiskerederi (Fiskebas) og bedrifter (m.a. boka om Ankerløkken som kjem i 2010). I 2009 kom boka om Fylkesbaatane, og i 2000 gav han ut ”101 Fjordabåtar – Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1958-2000” (Selja)

Andre: Det har elles kome ut ei rekke meir lokale historiebøker og slektshistorier frå ulike delar av kommunen. Høyr på bokhandelen eller biblioteket
 

Jubileumsbøker 2010
- Ein dag i Flora 09.06.09 (Firdaposten)
- Florø 150 år – kysfotograf Malvin Horne (Hornearkivet
- Hilsen fra Florø. Postkort frå gamle Florø og Kinn (Bjarte Sindre)
- Fantastiske Flora (Trond Strømgren)
- Tre generasjonars Florøfotografar (Kystmuseet
- Gripen av havfolket/Robert A. Robinson (Kystmuseet)
- Frå verkstad til verft. Historia om Ankerløkken (Magnus Helge Torvanger)

Flora Historielag gjev ut historietidsskiftet ”Flora-minne” i november/desember kvart år. Alle medlemmer får tidsskriftet. Elles kan det kjøpast på Økland Libris eller direkte frå historielaget.

Flora Historielag vart skipa 28.mars 2001. Laget skal skape interesse for historie og ættegransking i Flora, samle inn og gje ut historisk materiell ,m.a. gjennom det årlege tidsskiftet ”Flora-minne”. Leiar i laget er Øyvind KLeiven. I skriftstyret sit Grete Stavø og Reidar Brandsberg, Harald J.Stavang og Jostein Midtbø.

Saman med Vestkysten Reiseliv og Florø Sentrum fekk vi i 2000 sett opp skilt på dei fleste av de eldre husa i Strandgata. Skilta fortel historia til kvart hus på norsk og engelsk, og sentralt i gata er det òg sett opp eit oversynsskilt med kart som òg fortel historia til gata og bysentrum.

Sjøhusmurane i Batalden var i 1998 årets kulturminne i Flora. Vi støtta ein omfattande presentasjon av sjøhusmurane utført av Batalden skule og Trond Strømgren. Les meir i Kulturhistorisk atlas og leksikon.

Kinn Kyrkje
– er eit av dei viktigaste kulturminna i Flora. Kyrkja er no under reaturering med støtte frå Riksantikvaren. Kvart år blir det arrangert sogespelet "Songen ved det stor djup", Kinnaspelet.

Ausevik Helleristningsfelt
Stakaldeneset - Utvinning av diabas-reiskapar gjennom 4000 år.

Fotoinnsamling. Det er samla inn ein del bilde frå Flora som er utlagde på fotosidene til Fylkesarkivet.

Det pågår no eit stort arbeid med å legge mykje av Horne-samlinga ut på nett, m.a. med støtte av Kulturrådet, og dei blirfortløpande lagde ut på Fylkesarkivet si foto-side.

Stadnamn. Flora fullførde i 2002 innsamlinga av stadnamn for heile kommunen. Dei vil etter kvart bli lagde ut på sidene til Fylkesarkivet

Einar Seim. Vi har fått 70.000 kr av Kulturrådet for å lage eit forprosjekt for å sjå om vi kan gje ut skrifter etter Einar Seim. Særleg gjeld dette reisdagbøkene hans Shetland. Meir presentasjon kjem.

Veteranbåtar:
Galeasen Svanhild
Atløy

Viktige lenker:
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kulturhistorisk atlas og leksikon 
Digitalarkivet 
Statsarkivet i Bergen 
Riksarkivet 
Kystmuseet i Sogn og Fjordane 
Landslaget for lokalhistorie 
Forbundet Kysten