Ytteroyane

Historiekveld med bokslepp torsdag 09.11.17

Torsdag 09. november vert det bokslepp av tredje og siste bind av Florahistoria, på Flora samfunnshus kl. 19:00.

Ordførar Ola Teigen og trekkspelar Inge Reksten opnar festen. Forfattar Gaute Losnegård fortel om Flora 1945 - 2017, og fylkeshistorikar Oddmund L. Hoel fortel om Flora og fylket.

Det vert kake og kaffi, sal og signering av bøker, med gratis inngang.

Alle er hjarteleg velkomne!