Skulestart Florø barneskole

Tekniske hjelpemidlar

Tekniske hjelpemidlar er ein gjenstand eller eit tiltak som kan bidra til å redusere praktiske problem i kvardagen.

Hjelpemidla skal bidra til å betre funksjonsevna, auke sjølvhjelp og lette pleie i heimen.

Døme på hjelpemiddel kan vere: Arbeidsstol, rullator, rullestol, personløftar, data, spesialpedagogiske hjelpemiddel og syn- og hørselshjelpemidlar.

Det er to former for utlån:

  • Korttidsutlån, inntil 2 år.
  • Langtidsutlån, over 2 år.

Flora kommune sitt ansvar:
Dersom trongen for hjelpemidlar er kortvarig, dvs. under to år, har Flora kommune ansvar for utlån av hjelpemiddel. Dette kan t.d. vere hjelpemidlar for naudsynt avlastning etter ein operasjon.

Flora kommunale hjelpemiddellager har lokaler hjå Nærtenesten i Hamregata 17. Lageret har eit avgrensa utval av hjelpemidlar, som t.d. dusjstolar, toalettforhøgarar og ganghjelpemiddel.

Det er ikkje trong for skriftleg søknad ved kortsiktig utlån. Utlånet er gratis.

Statleg ansvar:
NAV Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane (Førde) har det overordna ansvaret for varig utlån av hjelpemiddel, dvs. utlån over 2 år.

Gjennom "Lov om folketrygd" kan ein få varig utlån av hjelpemiddel som er naudsynte for å fungere betre / løyse praktiske problem i kvardagen. Dette gjeld både heim, skule og arbeid.

Det må fremjast skriftleg krav om varig utlån av hjelpemiddel. Vedtak vert gjort ved NAV Hjelpemiddelsentralen, og utlånet er gratis.

Hjelpemiddelsentralen sender hjelpemidla til SMS. Ventetid må påreknast. Dette avheng av type hjelpemiddel, og kva NAV Hjelpemiddelsentralen til ei kvar tid har inne på lager.

Levering/henting/montering av tekniske hjelpemidlar
Kommunen har vaktmeister som utfører arbeid med levering/henting/montering av tekniske hjelpemidlar frå kommunalt lager og hjelpemiddelsentralen.

Vilkåra som gjeld er
Lov om folketrygd
Kommunehelsetenestelova
Pasientrettigheitslova
Helsepersonell-lova
Spesialisthelsetenestelova
 
Saksgang
Ved kortvarig utlån av tekniske hjelpemiddel kontakt Fysio-og ergoterapiavdelinga.  Eller du kan fylle ut tilvisingsskjema om at du har behov for hjelpemiddel, så tar tenesta kontakt med deg så snart det er mogleg.
 
Ved varig utlån av hjelpemidlar gjeld følgjande:

Ved vurdering av trong for hjelpemidlar og hjelp til utfylling av kravskjema, har Flora kommune fagpersonar som kan rettleie brukar . Fagpersonar kan vere ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, spesialpedagog eller lege.

Ta kontakt med Fysio- og ergoterpiavdelinga eller Heimetenestene ( syn og hørselkontaktperson) i det området du bur i om at du har behov for ulike hjelpemiddel, så tar tenesta kontakt med deg så snart det er mogleg.