Seglbåt med jente

Høge straumrekningar? Finn dei rette energitiltaka for din bustad med kommunen sin energiportal – Heilt gratis!

Mange opplever høge straumkostnadar for tida. Det kan løne seg å installere energitiltak, til dømes varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadane.

Kommunen har ein gratis og objektiv energiportal som gjev deg raskt svar på kva energitiltak som passar i din individuelle bustad.

  1. Gå inn på energiportalen.no.
  2. Tast inn adressa og definér storleiken på bustaden din.
  3. Kryss av for kva oppvarmingskjelder som vert nytta i bustaden i dag, kva standard bustaden har, og om du har gjort oppgraderingar.
  4. Definér tal personar i bustaden og kor ofte/kor lenge kvar person dusjar, og tal karbad per veke.
  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i bustaden din.
  6. Simulér deretter ulike energitiltak i bustaden din og sjå kva aktuelle tiltak du sparer mest energi og kostnadar på per år. Vurdér dette opp mot innkjøpspris.
  7. For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du får opp lokale leverandørar som kan installere tiltaket. Be om tilbod frå for eksempel tre av dine nærmaste leverandørar.
  8. Etter installasjon vil du sjå at strømkostnadane har falle, gitt at du held same nivå for varme og komfort.