Skulestart

Høyring: Endring av detaljreguleringsplan for Kinnvegen, planID 20110110

Frist for å komme med innspel og merknadar: 15.01.2018.

I samband med utbetring av Kinnvegen har det under vegs i prosjektet blitt gjort justeringar i mellom anna avkøyrsler i høve gjeldande reguleringsplan etter avtaler med grunneigarane. Det er og gjort justeringar for å tilpasse planen til eksisterande kringliggande planar, og rydda opp i plantekniske forhold som ikkje har vore eintydige. For å formalisere desse endringane er det naudsynt med ei endring av reguleringsplanen. Endringa er gjennomført i samråd med Statens vegvesen.

Då endringa omfattar mindre delarar fordelt over heile planområdet, vil eksisterande reguleringsplan bli erstatta av endringa. Dette gjeld og for del av planen i området mot Thor Solbegveg, der det i 2014 var godkjent ei mindre endring, som mellom anna omfatta avkøyrsler mm. På vedlagt plankart er endringane markert med raude ringar. Endringar i føresegene er vist med raud skrift.

Planframlegget er vurdert å være tilfredstillande utgreidd i høve risiko- og sårbarheit i samband med eksisterande reguleringsplan, og det er såleis ikkje gjennomført ny ROS-analyse knytt til endringane.

Avkøyrsleregulering

I gjeldande plan (føresegnene) er det opna for at avkøyrsler kan slåast saman og handsamast som mindre reguleringsendring. Gjennom tingingar mellom grunneigarar og Statens vegvesen er det avtalt nokre slike endringar, som er tekne med i denne endringa:

•             Samanslåing av avkøyrsle for gbnr. 28/60 og 28/78 med bruksrett også for 28/71

•             Samanslåing av avkøyrsle for gbnr. 28/82 og 28/246 (med felles snuhamar)

•             Samanslåing av avkøyrsle for gbnr. 28/117-184 og 28/142-197 (med felles snuhamar)

•             Avkøyrsle til gbnr 28/20 og 28/710 var delvis falle ut av planen. Denne er no regulert inn att.

•             Avkøyrsel til gbnr 28/17 er endra til privat

•             Avkøyrsle for gbnr. 28/55, 102 og 28/83 vert samordna ved bruk av noverande gangveg som felles køyreveg langs desse tomtene.

Det er også for nokre av eigedomane teke med trafikkareal/parkering inne på tomtene - i samsvar med grunnavtalane.

lnnsynsskjermar
Gjennom tingingar med grunneigarane har Statens vegvesen også avtalt oppsetjing av innsynsskjermar. I utgangspunktet kravst det søknadshandsaming/nabovarsling (PBL) av kvar enkelt skjerm dersom dei ikkje inngår i reguleringsplanen. Skjermane er tekne med i denne planendringa, gjennom eige punkt i føresegene. Dette gjeld:

Vest for Kinnvegen:
Gbnr. 28/469, 28/530, 28/847,28/457, 28/253, 28/149; 28/786 og 28/18

Aust for Kinnvegen:
28/60, 28/55, 28/83, 28/82, 28/246, 28/142 og 28/117

For nokre av eigedomane er det avtala treskjermar og for andre pilskjermar. Føresegnene opnar for begge deler, men løysingar på naboeigedomar bør tilpassast kvarandre. Prinsippskisser for dei to skjermtypane er lagde ved.

Anna
Traseen for gangveg nord for Vangsvegen i kryssområdet med Kinnvegen er endra ved at armen langs Vangsvegen er lagt inntil denne (som fortau). Dette er m.a. for at det skal bli enklare å koma inn på gangvegen langs Vangsvegen for dei som kjem langs Kinnvegen frå sør.
Avkøyrsla frå Prof. Gjesvik veg til bustad-/forretnings-område (B/F) er flytt litt nærare Kinnvegen. Dette er etter avtale mellom grunneigar og Statens vegvesen - for å få ei betre løysing for parkering m.v. internt på tomta.
Det er gjort ei justering i gangveg frå Kinnvegen og ned til Storevatnet, i samsvar med slik vegen faktisk er bygd.

Plantekniske endringar
Ved Storevatnet er det endra reguleringsføremål på turvegen frå fortau til gang- og sykkelveg og reguleringsføremålet mot vatnet er endra til friområde.  Det er også gjort tilpassingar mot tilgrensande plan i aust.
I Nonskarvegen er det gjort tilpassing til eksisterande planid 19690102.
Regulert støttemur i areal regulert til anna veggrunn mot B2 på nordsida av Kinnvegen vart ved ein feil fjerna i samband med reguleringsendringa i 2014, denne er lagt inn igjen.

Vurdering av endringa

  • Samanslåing av avkøyrsler er ein fordel for trafikktryggleik og for driftstilhøve langs gangvegen. Det vert færre konfliktpunkt, og sikttilhøva er ivaretekne også for dei saman-slegne avkøyrslene. Tal avkøyrsler (medrekna gangvegen) er redusert frå 9 (i til no gjeldande plan} til 4.
  • Dei planlagde avkøyrslene er utforma slik at ein reduserer faren for rygging ut i fylkesvegen. Det er m.a. lagt inn felles snu-hamar for to av dei nye avkøyrslene. Dette er og ein fordel med tanke på trafikktryggleik.
  • Det kan vurderast som ei ulempe at noverande gangveg mellom Kinnvegen og Prof. Gjelsvik veg vert køyrbar (ved gbnr.28/55 og 28/53) på første strekkja frå Kinnvegen. For å motverke denne ulempa, er det teke omsyn ved siktkrav og ved auka vegbreidde. Sikttrekantar mot fortauet langs Kinnvegen er endra for å tilpassast den nye trafikksituasjonen. Gangvegen skal dessutan ha bom for å hindre gjennomkøyring vidare langs gangvegen, og for å motverke stor fart på sykkeltrafikken.
  • Flytting av nærings-/bustadområdet B/F si avkøyrsle har ikkje negative konsekvensar, då det vert lagt opp til like gode sikttilhøve som i gjeldande plan.
  • Oppsetjing av innsynsskjermar er eit gode for dei eigedomane det gjeld. Ved planlagd plassering er det teke omsyn til sikttilhøve (trafikktryggleik) slik at tiltaka heller ikkje vil ha negative følgjer for ålmene interesser.
  • Endring av gangveg til delvis fortau i krysset Vangsvegen/Kinnvegen gjer at fotgjengarane kjem nærare inntil køyrebana, men fortausløysinga vert den same som langs Kinnvegen, og er vurdert som trygg. Det vert dessutan lettare for gåande langs Kinnvegen frå sør å kome inn på fortauet nord for Vangsvegen.

Samla vurdering:
Samla sett vil dei framlagde endringane gje positive konsekvensar og vere positive for trafikktryggleiken.

Eventuelle merknadar sendast til:
Flora kommune v/ Plan og samfunn, enten via skjema "høyringsuttale" på denne adressa: https://e-skjema.no/Flora, på e-post til postmottak@flora.kommune.no eller i post til Markegata 51, 6905 FLORØ, innan 15.01.2018.

Spørsmål/meir informasjon:
Heidi Dyrøy, fagleiar regulering, heidi.dyroy@flora.kommune.no, mobil nr. 941 55 052.

Dokument i saka:
Føresegner, reviderte
Mindre endring, oppdatert
Prinsippskisser innsysnskjerm