Seglebåt med jente

Høyring: Forskrift om rett til opphald i sjukeheim m.m.

Høyring - Forskrift om rett til opphald i sjukeheim eller bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester - kriteria og venteliste for Flora kommune.

Høyringsfrist: 19.05.2017.

Bakgrunnen for forskrifta er lovendring i pasient- og brukerrettighetsloven og helse- og omsorgstjenesteloven om rett til opphald i sjukeheim mm. som trådte i kraft 1. januar 2017. 

Kommunen er etter lovendringa forplikta til å fastsetje i forskrift kriteria for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim. Hensikta med slike kriterium er å bidra til betre forutsigbarheit og meir openheit rundt tildelingsprosessen. Forskrifta skal regulere at søkjarar til langtidsopphald i sjukeheim har rett til å få eit vedtak om å stå på kommunen si venteliste.

Det er utarbeida  eit forslag til felles forskrift for kommunane Flora, Førde, Jølster, Naustdal og  Gaular. Forslaget er utarbeidd av ei arbeidsgruppe oppretta av kommunalsjefnettverket for helse og omsorg den 20.09.2016. Arbeidsgruppa utgjer følgjande representantar; Elisabeth Norman Leversund, Flora kommune, Wenche Farsund, Jølster kommune, Anita Eide Kvamme, Gaular kommune, Gry Aase Alnes, Førde kommune og Oddvar Holsen, Naustdal kommune. 

Forskrifta skal handsamast politisk i kvar enkelt kommunestyre innan utgangen av juni 2017. 

Den nye forskrifta trer i kraft 1. juli 2017. 

Høringstidsrommet er 04.04.2017 - 19.05.2017.

Høyringsinnspel sendast Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø eller på e-post til postmottak@flora.kommune.no innan 19.05.17.

Vedlegg