Båtar i hamna

Høyring: Kommunedelplan for Florø sentrum

Plan- og samfunnsutvalet har i sak 013/18 vedtatt å legge Kommunedelplan for Florø sentrum 2018-2022 (sentrumsplanen) ut på offentleg høyring. Planforslaget blir med dette lagt ut på høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14. 

Gjeldane sentrumsplan frå 2012 hadde behov for nokre endringar, som gjorde til at det politisk vart bestemt å revidere planen. Hovudtrekka i endringane har vore: Stadfesting av innfartsvegen til Florø (RV 5/Markegata), lokalisering av ny fullskala fotballhall, betre grunnlag for både å sikre bevaring av det kulturhistoriske bysentrum kombinert med å tillate fornying og utvikling, endring i parkeringskrav, endring i føremål og føresegner for fortetting/byggehøgder/leikeareal, opne for torgfunksjonar i Torggata, legge betre til rette for gjennomføring av tiltak i KDP Sykkel og legge betre til rette for handel og næring. 

Høyringsfristen er frå 17.04.2018 til 29.05.2018. Innspel skal sendast på epost til postmottak@flora.kommune.no eller i post til Markegata 51, 6900 Florø, innan 29.05.2018

Plandokument:

Vedlegg: