Båtar på hamna

Høyring: Reguleringsendring for kvartal 11 - Trovikkvartalet

iVest Consult har på vegne av Flora kommune utarbeidd søknad om reguleringsendring for kvartal 11 – «Trovikkvartalet», i samsvar med pbl §12-14, 2. avsnitt.

Det er lagt opp til prosess med felles behandling av reguleringsendring og byggesak, jf. Plan- og bygningsloven §12-15. På bakgrunn av dette vert det derfor i samband med høyring av planframlegg, vedlagt dokument for nabovarsling om tiltak. Ansvarleg søkar for byggetiltak er Salt Arkitekter AS.

Aktuelt området inngår i «Reguleringsplan for kvartal 11, Trovikkvartalet», planid 20080107, vedtatt 14.06.2011, og omfattar gbnr. 202/9, 202/478 og 202/620. I gjeldande reguleringsplan er området regulert til bevaring av bygg, byfornying, og kombinert-formål forretning/kontor. Del av planen som no vert søkt endra omfattar bevaringsområde FV5, Forretning-/kontorområde FK5, og del av bevarings-område FV2 i eldre plan.

Hovudformål med planendringa er å legge til rette for bustad i tillegg til næring, der ein opnar for inntil 18 nye bueiningar frå plan 2 over fortau/Strandgata, medan plan/del av bygg på gatenivå framleis skal vere næringsaktivitet/-publikumsfunksjonar. Planlagde tiltak er vurderte å falle inn under formål og intensjon i gjeldande reguleringsplan, og i samsvar med prinsipp og føringar i nyleg vedtatt Sentrumsplan.

Endringar er vist i vedlagt plankart, føresegner, samt utgreia i planomtale for m/ROS, datert 17.10.2019.

Teikningsrunnlag til byggesaka er utarbeidd av Salt Arkitekter AS.

Merknader/innspel til forslag til endringar av reguleringsplan skal sendast til:

iVest Consult AS, Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no.

Merknadar til byggesak skal sendast til: Salt Arkitekter AS, Strandgata 17, 6905 Florø: e-post post@saltarkitekter.no.

Høyringsfrist er 19. november 2019.

Plandokument