Seglbåt med jente

Høyring: Søknad om nytt utsleppsløyve for avløp i Flora, med unntak frå reinsekrav

Flora kommune søkjer Fylkesmannen om nytt utsleppsløyve for reinsa kommunalt avløpsvatn frå tettstaden Florølandet/Brandsøy. Det vert søkt om unntak frå kravet om
sekundærreinsing for utsleppa, og om utsett frist for å oppfylle primærreinsekrav.

Ut frå prognosar for framtidig nærings- og busetnadsutvikling vert det søkt om utsleppsløyve for avløp tilsvarande 27 000 personeiningar, der om lag halvparten er industripåslepp til det kommunale nettet i Gunhildvågen. Kommunen søkjer om unntak frå forskriftskrav om sekundærreinsing, basert på resultat av resipientgranskingar som konkluderer med at mindre omfattande reinsing ikkje ventast å gje skadeverknader på miljøet. Kommunen søkjer også om utsett frist for å oppfylle kravet om primærreinsing ut 2015.

Flora kommune er i gang med omlegging av avløpsanlegga i tettstaden Florø/Brandsøy. I dag er det utslepp frå mange kommunale avløpsanlegg, som på sikt skal bli færre og betre reinsa. Det er utført miljøgranskingar i sjøområda for å kartlegge miljøtilstanden slik avløpssituasjonen er i dag. Desse skal brukast til samanlikning med seinare granskingar for å dokumentere at reduserte reinsekrav ikkje gjev miljøskade over tid.

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og kva vilkår som skal gjelde for eit utsleppsløyve etter ureiningslova. Eventuelle merknader til søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller på e-post: fmsfpost@fylkesmannen.no innan 28.oktober 2014.

Vedlegg: