Skulestart

Høyring: Utbygging av breiband i Flora kommune 2018

Flora_kommune_logo_lite.gif Høyringsfrist:
 26. april 2018 Kl. 16.00


Flora kommune vil søkje om tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Eit av krava for ein slik søknad er at planen for utbygginga skal ligge ute til høyring i fire veker (ein månad), samt kunngjere dei geografiske områda  som utbygginga skal gjelde for.

Eit anna krav er at det skal være mogleg, for alle partar i dei prioriterte områda, å gje innspel til kommunen som kan vere til nytte for søknaden eller prosjektet.

Høyringsfrist:
Alle som ønskjer å gje høyringsuttale (bedrifter, enkeltpersonar, lag og foreiningar etc.) vert invitert til å gjere dette innan 26. april  2018,  kl. 16.00.

Føremålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan også gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i områder det ikkje kan forventast å komme nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

I statsbudsjettet for 2018 er det løyvd 148,7 mill. kr. til stønadsordninga for finansiering av breibandsutbygging i område der ikkje kan forventast kommersiell utbygging. Sogn og Fjordane  har fått løyvd 17,2 mill.kr. ordninga er godkjent av EFTA sitt overvåkningsorgan (ESA)basert på retningslinjene til EU-kommisjonen for statleg stønad til breibands- utbygging.

Regjeringa har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) i oppgåve å administrere
tilskotsordninga. Kommunar kan søke NKOM om støtte og fylkeskommunar skal prioritere søknadane.

Kommunale og fylkeskommunale fristar

Frist for innsending av søknadar frå kommunane til fylkeskommunen er sett til 7. mai. Fylkeskommunen skal gjere politisk vedtak om tildeling av tilskot. Den ferdige prioriteringslista skal til politisk handsaming i hovudutval for næring- og kultur, 30. mai 2018. Frist for å sende vedtaket til
NKOM for kontroll/godkjenning er 1. juni 2018.

Finansiering av utbyggingane er tenkt fordelt med ca. 1/3 kvar på leverandørbidrag, statleg tilskot og
lokale midlar. Saman med kommunale og fylkeskommunale tilskot vert også etableringsavgifta, som
abonnentane må betale ved tilkopling, rekna som lokale midlar. Sogn- og fjordane fylkeskommune vil
også i år bidra med tilskot som skal nyttast som medfinansiering av lokale midlar i søknadane.
Det kan søkast om tilskot til alle husstandar med nedlastings-hastigheit lågare enn 30 M/bit pr.
sekund.

Område som ikkje har dekning av grunnleggande breiband med hastigheit på minimum 10 Mbit/s
(auke frå 4 Mbit/s i 2017) skal prioriterast. Minst 50 % av midlane som er sett av frå NKOM til kvart
fylke skal brukast til utbygging av slike område. Men også område med et eksisterande reelt
breibandstilbod i intervallet 10-30 Mbit/s kan få støtte til utbygging.

Det er vidare eit krav at lokale bidrag samla sett, (abonnentar, kommune, fylke) for kvar fylkeskommune skal vere minimum  25 % av dei totale prosjektkostnadane, og prosjekta må føre til eit reelt tilbod om breiband til alle husstandar og verksemder i det geografiske området det vert søkt
støtte til. I tillegg er det eit krav at tilbodet skal kunne oppgraderast til minimum 100 Mbit/s i løpet
av 2-3 år.

Tildelingskriteria i år kan bli endra i høve i fjor. Men vi reknar med at endringane ikkje blir vesentlege.

Dei tre viktige kriteria for prioritering av søknader i 2017 var:
1. Husstandar utan eit grunnleggande tilbod (under 10Mbit/s nedlasting).
2. Kostnadseffektiv utbygging.
3. Lokal medfinansiering.

Sjå meir om dette på www.nkom.no
 

Tildelingskriterium
 

Evalueringskriterium

Vurderingselement

2017

Vekting 2018

(ikkje klart)

Tal husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggande god kvalitet.

Tal nye aksesser og relativ auke i dekning.

30 %

 

Kostnadseffektiv nettutbygging i det einskilde prosjekt.

- Best mogeleg utnytting av tilgjengelege midlar.
- Investeringskostnad per aksess.
- Tilgang til eksisterande infrastruktur som grøfter, stolpar, punkt etc.

25 %

 

Lokal medfinansiering.

Lokal medfinansiering sett i forhold til tal aktuelle brukarar/kundar.

20 %

 

Plan for berekraftig drift etter at utbygging er gjennomført.

Sannsynlegheit for at breibandstilbodet kan oppretthaldast og vidareutviklast.

15%

 

Betring av eksisterande breibandstilbod.

Tal aksessar som får auka kapasitet, og kor stor kapasitetauken er.

5%

 

Betyding for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.

- Samfunnsgevinsten som vert utløyst av breibandutbygginga.
- Konkrete døme på betyding for lokal næringsutvikling.
- Betring i mobildekning.

5%

 

 

Prioriterte områder:
Flora kommune har valt å prioritere følgjande område i denne runda:

Kart over prioriterte områder

Før søknad blir sendt, skal områda settast opp i prioritert rekkjefølgje. Dette er foreløpig ikkje gjort. Flora kommune vil vurdere å slå saman fleire område i søknad om offentlege midlar/ tilskot, på same måte som ved øyapakken.

Kom med innspel!
Flora kommune ønskjer innspel og informasjon om eventuelle lokale forhold som bør vektleggast.

Gode innspel gjer at det blir enklare for kommunen å lage ein god søknad om tilskot til breiband.

Det er stor konkurranse om dei offentlege tilskota, difor vil områder der innbyggjarane viser særskilt engasjement stille sterkare. Difor oppmodar kommunen innbyggarar / næringsliv / lag og organisasjonar m.m., til å kome med innspel og argument som til dømes: 

•Kvite områder - eller kombinerte kvite og kvite NGA områder (dvs. områder heilt utan dekning).

•Underskriftslister med forplikting på kjøp når tilbodet kjem

•Områder der innbyggjarane seier seg villig til å betale eit etableringsgebyr (f.eks. 10.000,- per abonnement)

•Områder der innbyggjarane vil gjere ein dugnadsinnsats

•Områder der ein får tilgang til eksisterande infrastruktur (grøfter, trekkerøyr, stolpar, bygningar)

•Husrom for nodebu/ noderom/ kabelskåp, elektronikk m.m.

•Områder med bidrag frå lokale bedrifter og institusjonar

Adresse for høyringsuttalene:
Innspel og informasjon kan sendast på e-post til postmottak@flora.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandutbygging", innan 26. april 2018, kl. 16:00.

Meir informasjon:
Flora kommune sin kontaktperson er Einar Årdalsbakke, tlf. 954 01 311.