Ytteroyane

Hukommelsesteamet

Hukommelsesteamet

Hukommelsesteamet i Flora kommune består av lege, sjukepleiar/sakshandsamar i omsorgstenesta, sjukepleiar i heimetenesta og kommunal ergoterapeut, alle med særskild interesse for og kompetanse på kognitiv svikt og demenssjukdommar.

Kva kan hukommelsesteamet bidra med?

  • Heimebesøk i forbindelse med utgreiing, kartlegging og rettleiing. Utgreiinga skjer i samarbeid med fastlege.
  • Ved behov vil hukommelsesteamet følgje opp brukar og pårørande jamleg, ca. 1-2 gongar i året.
  • Formidle informasjon om tilboda i kommunen og tilrå hjelpetiltak.
  • Arrangere pårørandeskule, samt gje støtte og rettleiing til pårørande.
  • Rettleiing til og kompetanseutvikling for tilsette i helse- og omsorgstenesta.

I høve kartlegging og utgreiing vil hukommelsesteamet prioritere heimebuande pasientar opp til 80 år. Andre kan også prioriterast dersom det er særskilte utfordringar (åtferd, tryggleik, medikament etc.). Resultat frå kartlegginga vert sendt fastlege. I dei fleste saker vil det vere hensiktsmessig med eit møte der fastlege, pårørande, representantar frå hukommelsesteamet og evt. heimetenesta deltek.

Kvifor er utredning viktig?

  • Det er gunstig å undersøke situasjonen så tidleg som mogleg for å utelukke andre sjukdommar med liknande symptom.
  • Vurdere behov for medisinering.
  • Legge til rette heimesituasjonen for personen med hukommelsesvanskar og pårørande.
  • Sette i gong tiltak til riktig tid.

Kven kan ta kontakt?

Personar med hukommelse vanskar eller deira pårørande kan ta direkte kontakt med hukommelsesteamet eller be fastlege sende tilvising. Fastlege kan melde saker ved å sende E-melding. Heimetenesta og anna personale kan melde saker via journalsystemet Cos Doc. Hukommelsesteamet møtast om lag ein gong kvar månad.

Kontaktinformasjon:

Leiar i hukommelsesteamet: Lene Engebø.
Telefon: 97991803.
E-post: lene.engebo@flora.kommune.no