hamnebasseng langt

Finansiering

Husbanken logoHusbanken gjev ulike former for støtte til husstandar som har behov for hjelp til å etablere seg i eigen bustad eller halde på ein bustad.

Støtteordningane er følgjande:

  • Startlån til etablering/ utbetring
  • Etableringstilskot
  • Tilskot til tilpassing
  • Bustøtte

Informasjon og service i Flora kommune administrerer desse ordningane lokalt på vegne av Husbanken, bortsett frå Grunnlån som er eit lån direkte opp mot Husbanken.

Ynskjer du meir informasjon og eventuelt å søkje om lån/tilskot kan du vende deg til Informasjon og service på telefon 57756000, e-post: infosenter@flora.kommune.no eller ved oppmøte på Informasjon og service, Flora Samfunnshus, Markegata 51.

Husbanken har eigen nettbasert informasjonsmodul om det å bu i Norge, på sju ulike språk.

For meir informasjon sjå menypunkta i høgremargen. Der finn du også nye lokale retningsliner for tildeling av startlån og tilskot frå Husbanken, vedteken i bystyret 2. desember 2014 i sak 131/14.