Ytteroyane
Stabben_Fyr

Hygienesertifikat for skip / ship sanitation

ENGLISH VERSION

Flora kommune er godkjend av Helsedirektoratet til å utføre inspeksjon for å skrive ut og forlenge hygienesertifikat for skip

  • SHIP SANITATION CONTROL EXEMPTION CERTIFICATE
  • EXTENSION of SHIP SANITATION CONTROL EXEMPTION CERTIFICATE

i medhald av IHR-forskrift , §21 / Internasjonalt helsereglement.

Bestilling av inspeksjon til

Skip i utenriksfart plikter å ha gyldig hygienesertifikat. Sertifikatet for hygienekontroll omfattar heile den hygieniske standarden på skipet som kan ha betydning for smitteoverføring, som matvarer, drikkevatn, badebasseng, avfallshandtering m.m.

Sertifikatet er gyldig i 6 mnd. og kan forlengast med ein månad.

Betalingstakst for undersøkelse og kontroll for hygienesertifikat er fastsett av Helsedirektoratet.

Ved bestilling av inspeksjon for hygienesertifisering ber vi om desse opplysningane:

  • namn på skip, IMOnummer og nasjonalitet
  • namn og kontaktinformasjon på person som kan avtale tidspunkt for inspeksjon
  • namn på kaptein og korleis denne kan kontaktast
  • utløpsdato på tidlegare SSCEC og kvar dette er utskrive
  • faktureringsadresse
  • dersom det er mogleg er den ein fordel om tidlegare SSCEC kan skannes inn og sendast
    som vedlegg til mail

Andre kommunar som kan utføre denne type inspeksjon: Ålesund, Alstahaug, Båtsfjord, Bergen, Bodø, Flekkefjord, Halden, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Kristiansand, Kristiansund, Kvinherad, Moss, Oslo, Porsgrunn, Rana, Røyken, Sørfold, Sør-Varanger, Stavanger, Tromsø, Tysfjord/ Kjøpsvik.