hamnebasseng langt

Idrett

I Flora er det eit aktivt idrettsmiljø, og fleire store idrettsanlegg. 

Florahallen og fleirbrukshallen i Eikefjord.

stadionFlorø Idrettsenter AS består av ein storhall med kunstgrasbane, innandørs løpebane, klatrevegg og ein fleirbrukshall. Senteret ligg sentralt i Florø ved Flora vidaregåande skule. Senteret blir eigd og drifta av idrettslaga Florø Sportsklubb, Florø Turn og Idrettsforening, FK Tempo og Norddalsfjorden IL.

Florø Stadion er eit friidrettsanlegg, med grasbane og tribuneanlegg. Stadion har i mange år vore nytta til nasjonale og internasjonale stemne i friidrett. I tilknyting ligg også ei tennisbane, utandørs basketballbane og ein kunstgrasbane. Idrettsanlegget har lysanlegg.

Eikefjord Stadion, i Eikefjord, består av grasbane, kunstgrasbane, friidrettsbane og tribuneanlegg. Anlegget har lys, samt service og garderobehus. Eikefjord IL, ved fotballgruppa, har ansvar for kvelds og helgedrift, samt fordeling av treningstider.

Havhesten, er kommunens bade- og symjeanlegg. Anlegget har tre basseng, stup, sklie, styrketreningsrom, solarium, badstuer og kafè. Det er opent sju dagar i veka, frå morgon til kveld. Havhesten blir drive som eit kommunalt føretak (KF).
 
Skulane med gymsalar har ansvar for drift og fordeling av treningstider sjølv, dette gjeld Florø barneskule, Krokane skule, Torvmyrane skule og Eikefjord skule.