Ytterøyane fyr

Innskriving i grunnskulen

Frå 01.08.2000 er krinsgrensene i heile Flora kommune løyst opp. 

Opplæringslova

Barn som skal ta til i 1. klasse etter hausten 2003 vert skrivne inn i grunnskulen i Flora kommune, ikkje i den enkelte skule slik det var tidlegare.

Skuleplass vert tildelt ut frå nærleiksprinsippet (Opplæringslova §8-1).  I vurderinga av kva skule som er nærast vert det lagt vekt på geografiske forhold, men også andre relevante forhold, til dømes om søsken er plasserte på same skulen, kapasiteten på skulane og skuleveg.

Førebels tildeling av skuleplass vert gjort innan utgangen av februar. Tildeling av skuleplass er eit enkeltvedtak, og det vil difor vere høve til å klage dersom nokon skulle meine at barnet burde fått plass ved ein annan skule.

Flora bystyre vedtek forskrift om opptaksområde kvart år, og tildelinga vil vere endeleg om den er i samsvar med bystyrevedtaket.

Det er rektor ved den enkelte skule som set saman klassar. Det innskrivingsskjema de no sender inn, vert sendt vidare til skulen når skuleplass er tildelt. Informasjon frå skulen vert sendt ut i april/mai.

Vi ønskjer nye elevar hjarteleg velkomne til grunnskulen i Flora kommune.