Ytterøyane fyr

Flora pedagogiske - psykologiske teneste

BarnKva arbeider PPT-kontoret med?
Flora PPT yter tenester til barn, unge og vaksne med slike vanskar:

  • Fagvanskar (lese- /skrive, språk, talevanskar, tospråklege vanskar)
  • Skulefråvær og isolasjon
  • Angst, usikkerhet, mistrivsel, mobbing og sorg
  • Funksjonshemmingar av ulike slag (syn, hørsel og andre fysiske funksjonshemmingar)
  • Familievanskar, rus, oppsedingsvanskar
  • Overgang mellom barnehage, skule og arbeidsliv
  • Klassemiljø
  • Sakkunnig i høve til Opplæringslova

Korleis arbeider ein ved PPT
Flora PPT vil greie ut og undersøke barn, unge og vaksne med ulike vanskar og problem.
Ein nyttar då t.d:

  • Testar
  • Observasjon
  • Kartlegging
  • Intervju
  • Samtale

PPT utfører rådgjeving direkte til barn og unge. Rådgjeving blir gjeve til undervisningspersonalet i skular og barnehagar, og til foreldre/føresette.

Flora PPT nyttar seg av ulike møteformer som ansvarsgruppe, samarbeidsmøte og faggrupper.

Til ungdom og elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring nyttar ein støttesamtalar i arbeidet med å hjelpe og gje råd.

Administrasjon/PPT har eige styre med representantar frå Flora kommune og fylkeskommunen