Båtar i havnebassenget

Ausevik - Bilete frå fortida

Både det store antall figurer, det variert motivtilfanget og beliggenheten i et gammelt kystkulturlandskap gjør Ausevik-ristningene til et enestående kulturminne som har interesse langt utover landets grenser”. Professor Gro Mandt ved Universitetet i Bergen.

I Ausevik i Flora kommune ligg eit av Noregs mest spesielle helleristningsfelt, omgjeve av frodige beitemarker på den eine sida og fjorden på den andre sida. Bak feltet strekker dei høge fjella seg austover heilt inn i Jotunheimen. Denne kontakten mellom fjell og vatn har alltid gjeve gode vilkår for storviltet som trekkjer mellom kysten og innlandet. 

Feltet ligg i ei høgde med utsyn over sjøen. Når ein veit at helleristningar ofte ligg i mektige landskap som speglar seg i vatn, er det ikkje vanskeleg å tenke seg at steinaldermenneske såg dette som ein eigna plass for sitt utrykk, for å lage bilete i berget som eit bodskap til gudane, omverda og kanskje ettertida.
 
 
ausevik helleristning, høneAusevik er eit av dei største hellerisningsfelta vi har i Noreg. I dag er det registrert i overkant av 300 figurar på vel 1500 kvadratmeter med bergflate, men kanskje finst det også fleire under mose og lav.

Motiva spenner frå dyr og menneske til abstrakte figurar. Her er hundar, ein fugl og ein fisk, men det er hjorten som får mest plass av dyra. Det er tydeleg at den har hatt ein viktig plass i veidesamfunnet (jaktkulturen) som hadde tilhaldsplass her for rundt 4000 år sidan.

Tolkingane av hellerisningane er mange. Kanskje vart bileta laga som ein bøn til gudane om å gje dei ei rik jakt?  Eller kanskje vart dei laga akkurat der mennesket ønskte å felle byttet, som eit middel for å lokke dyra i ei felle?

Ein ristning viser ein hjort som blir jaga av ein hund medan ein anna viser ein hjort i eit fangstnett. Andre ristningar kan vere menneske som dansar ein rituell dans. Kanskje det også som ein hyllest til gudane? Det er ikkje lett for oss i dag å forstå kva steinaldermenneska ville uttrykkje med bileta dei rista inn i berget, men vi kan forstå at jakt var ein viktig del av livet deira. Dei var prisgjevne naturen og alt kva den kunne gje. Og det mest dyrebare for menneska i Ausevik var hjorten.