Seglebåt med jente

Stabben fyr 150 år - markering 13. september

Stabben_Fyr, Foto-Hjellum
Stabben fyr. Foto: Hjellum

Klokka 18:00, onsdag 13. september, skal vi feire Stabben fyr med ei markering på Florø torg.

Ordførar Ola Teigen opnar, kultursjef Roald Leivestad snakkar om kulturminnedagane, før lokalhistorikar og forfattar Bjarte Sindre fortel Stabben si historie.

Like ved ligg «Svanhild» til kai, kulturprisvinnar 2017.

Her er det ope skip med tilbod om omvising, kaffi og kake.

Vel møtt!