Skulestart

Søknad på tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv

Årets frist for å søkje spelemidlar til idretts- og friluftsanlegg er 15.oktober. Det blir i desse dagar utvikla eit nytt elektronisk system. Det blir lansert 1.oktober, søknadar som blir lagt inn før dette blir ikkje registrert.

Det er det elektroniske systemet som er nytt, føresegnene for tilskotsordninga er stort sett dei same som tidlegare. Søkarar vil oppleve få reelle endringar. Det er tre moment søkjarar bør vere merksame på:

  • Alle som søkjer må ha eit organisasjonsnummer. Sjekk dette slik at det er klart før De sett i gang. Har De ikkje organisasjonsnummer går inn her; https://www.brreg.no/
  • Søkjar må logge inn med MinID, den De bruker for å komme inn på til dømes Altinn. Den er personlig og nyttast for å registrere deg som søkar.
  • Dei som skal fornye søknadane må legge inn kostnadsoverslag i det elektroniske systemet, ikkje berre som vedlegg som tidlegare. Ha difor kostnadsoverslaget klart.

Føresegner og søknadsskjema finn De på www.idrettsanlegg.no. Les meir om tilskotsordninga her.

Kontaktinformasjon

Vi ber nye søkjarar ta kontakt så snart som mogleg med kultur- og idrettskonsulent Margit Drivenes Kløvfjell på e-post: MargitDrivenes.Klovfjell@flora.kommune.no.