Seglbåt med jente

Oppstartsvarsel av planarbeid - Stavang sentrum

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 98/2 mfl, i Flora kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Anders Haave. 

Hovudføremålet med planarbeidet er tilrettelegging for utvikling av Stavang sentrum med bustad, fritidsbustad og butikk, samt tiltak som utleige, turisme, næring, fellesbruk og liknande, då for å auke aktiviteten i Stavang sitt sentrale sentrum. I kommunedelplanen for Stavang 2004-2016 er området avsett til noverande og framtidig sentrumsområde på land, samt noko areal til noverande bustadbebyggelse og fritidsbebyggelse. Arealet i sjø er avsett til nåverande og framtidig båthamn. Planlagt tiltak samsvarar i hovudsak med overordna plan. Det er ingen reguleringsplan for området. Planområdet utgjer per i dag det sentrale sentrum i Stavang og i høve kommuneplanen går det fram at området skal utviklast på ein slik måte at det på sikt kan utvikle seg til ein «tettstad». 

Oppstartsmøte med Flora kommune vart halde den 26.09.2018, der kommunen tilrår oppstart av plan. Miljøfaglege tilhøva, teknisk infrastruktur og overvatn, trafikktryggleik, trafikktilhøve, vegstandar/vegkategori, universell utforming, funksjonshemma og eldre, born og unge sine interesser, samfunnstryggleik og beredskap er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

Formål med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. 

Det vert avhalde eit informasjonsmøte på Stavang Skule (Stavang Bygdelag sitt lokale) tysdag den 08.01.2019 kl. 18.00, der alle som ynskjer er velkomen til å møte. Naboar/Partar er tilskrive med eige brev. 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 18.01.2019.
Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no, tlf. 97627000/ 95741102.

Plandokument