Koordinerande eining for individuell plan

Koordinerande eining i Flora kommune er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre brukarane sine rettar til individuell plan. Tilsette i eininga er lege, sjukepleiar, fysioterapeut, barnevernspedagog og sosionom. Eininga skal bidra til gode tverrfaglege og samordna tenester for brukar med langvarig behov for koordinerte tenester.

Kontaktinformasjon og søknadsprosess

knad om Individuell plan vert handsama i koordinerande eining, og eininga har og ansvar for å utpeike plankoordinatorar. Koordinerande eining har ansvar for å gje plankoordinatorane naudsynt opplæring og rettleiing.

Søknadsskjema finn du her.
E-post: post@flora.kommune.no.
Mobilnr ved spørsmål: 480 80 537. 

Kva er ein individuell plan?

Individuell plan er ei skjematisk oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for kortsiktige og langsiktige mål for brukaren.

Planen skal:

  • Bidra til eit heilskapleg, koordinert og individuellt tilpassa tenestetilbod, og det skal vere ein ansvarleg plankoordinator som sørger for at brukar får naudsynt oppfølging, og koordinerte tiltak.
  • Tilpassast behova til den einskilde brukar.
  • Sjå framover, og beskrive både langsiktige og meir kortsiktige mål. 
  • Vere eit levande verkty for å vurdere og koordinere tiltak som kan bidra til å dekke brukaren sine behov. 
  •  Bidra til å styrke samhandlinga mellom tenestene og brukar, eventuelt pårørande, og mellom tenesteytarar og etatar på tvers av forvaltningsnivåa. 
  •  Utarbeidast ilag med brukar eller evt pårørande.

Kven har rett til individuell plan?

Personar med behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester har rett til individuell plan. Retten til ein individuell plan betyr rett til ein plan som samanfattar vurderingar av behov og verkemiddel, og som angir eit heilskapleg og fagleg begrunna tenestetilbod. Bestemminga gjev imidlertid ikkje rett på bestemte tenester som følge av planen. Forutsett at tenestene til einkvar tid er forsvarlege, følger det av prinsippet om kommunalt sjølvstyre at den einskilde kommune kan bestemme kva tenester som brukar får tilbod om. Ein individuell plan er imidlertid brukaren sin plan, og det skal vektleggast sterkt brukar sine synspunkt og meiningar. Planen skal vere ein viktig premiss når vedtak skal fattast. Planen kan dermed bidra til å løyse ut naudsynte tenester.

Kven skal koordinere brukaren sin individuelle plan?

Koordinator for individuell plan er ein tilsett i ei av tenestene som brukaren er tilknytt. Koordinator har altså rolla som både fagperson og tenesteytar. Koordinator har hovudansvaret for å følge opp at brukar får naudsynt oppfølging. Dette inneber ansvar for å avklare ansvarstilhøve, sikre samordning av tenester, og at brukaren ikkje vert ein kasteball i systemet. Koordinatoren skal altså ikkje overta ein jobb for andre, men skal sikre heilskapen i tenestetilbodet.

Ansvarsgruppe

For personar med rett til individuell plan, vert/er det ofte etablert ansvarsgrupper. Ansvarsgrupper vert nytta til å koordinere arbeidet med individuell plan. Denne gruppa består av brukaren, evt. pårørande og representantar for tenestene som brukaren mottar. Det er faste representantar i ansvarsgruppene. Arbeidet i ei slik gruppe kan bidra til å koordinere innsatsen og til å avklare ansvarsforhold mellom dei involverte.

23. januar 2017 Anita Hansen Halsnes