Ytteroyane

Informasjon og huskeliste for rapportering frå hjortejakta 2016

Jakta 2016 går mot slutten og det er tid for rapportering. Så langt i år har vi fått normale tilbakemeldinger, men med litt varierande resultat frå nokre jaktfelt. Det endelege svaret får vi i januar, så snart alle har rapportert. Arbeidet med innsamling av fellingsrapport, kjevar, setthjort-skjema og ettersøksavtaler går normalt særs bra. Jaktlaga er pliktoppfyllande og gjer eit svært godt arbeid.

Kommunen skal kontrollere fellingsrapportane, ettersøksavtale, setthjort-skjema og innleverte kjevar. Det er svært viktig at alle felte dyr er med på setthjort-skjemaet. Dette er spesielt viktig for jaktfelt i storvalda. Innsamla og kontrollerte data skal førast inn i Hjorteviltregisteret og kjevane skal til NINA. 

Fellingsrapporten som jaktvalda fekk utsendt i juni skal kommunen ha tilbake utfylt og signert innan fristen for rapportering den 6. januar. De leverer, sender som post, eller de skanner eller fotograferer den og sender den som epost. Jaktfelt i storvalda bør rapportere i god tid til valdleiar.

Kommunen skal rapportere vidare til Hjorteviltregisteret innan 20. januar.

Avtale om tilgang til godkjend ettersøkshund skal vere signert før jakta startar. De sender ein kopi til kommunen. Desse ettersøksavtalene er registrert på postlista. Jaktlag som ikkje har skriftleg avtale sender ein epost med namn på hund og førar som er nytta under jakta. Frist for rapportering er som for fellingsrapport den 06.01.2016.

Sett hjort for 2016 skal førast av alle jaktlag. Vi ber om at flest mogleg gjer dette på nett i http://settogskutt.no/.(Logg på med jegernummer og fødselsdato). Når de er ferdig å registrere for 2016 er det viktig å krysse av for at "Hjortejakta er ferdig", kryss så av for "Avslutt sesong" og kontroller at de får melding om at "Sesong avslutta". Kommunen går så gjennom tala og føre dei inn i Hjorteviltregisteret. Tala vert då tilgjengeleg for alle gjennom sett hjort i hjorteviltregisteret.

Hjortekjevar leverer de som vanleg før jul, eller etter nyttår. Dei kjevane som er frå dyr som er leverte til CWD prøvetaking må merkast med gjenparten av kjevelappen (nummeret). Dei andre kjevane skal vere som før, reinskorne, tørka, heile på eine sida, kappa bak framtennene på andre sida, merka med utfylt kjevelapp og levert i kontortida, eller etter avtale. Dersom de har dyr som skal til utstopping så bør de levere ein utfylt kjevelapp merka med "utstopping".

Kommunen nyttar e-post til all kommunikasjon med vald og jaktlag. Dei som ikkje rapporterer eller svarar på e-post vil verte kontakta på telefon. Kommunen sin frist for rapportering er 20.01.2016. Epost sender de til postmottak@flora.kommune.no eller til jan.osa@flora.kommune.no.

Det er varsla at arbeidet med "Forvaltning av hjortebestand 2013-2017" for vårt område vil starte no, og skal vere ferdig til påske 2017. Dette bør de diskutere mellom grunneigarane og melde oppover til jaktlag og vald slik at det er avklart.

Kontakt konsulent Jan Osa på tlf. 48031173 eller e-post jan.osa@flora.kommune.no om du har spørsmål.