Skulestart Florø barneskole

Informasjon og service

Informasjon og service er ei stabseining under rådmannen.

Infosenteret er det første du møter når du tek kontakt med kommunen. Vi er lokalisert på Flora samfunnshus, og driv ei felles opplysings- og rådgjevingsteneste for kommunal tenesteyting, spørsmål og problemstillingar. Her ligg også sentralt postmottak og post-/arkivteneste. Eininga tel 9 personar.

Vi har ein sjølvbeteningsdel med renovasjonssekkar, kunde-PC'ar og brosjyre- og skjemahyller. Utlegging av saker til offentleg høyring og andre politiske saker finn du også her.

Vi ønskjer å yte god service til brukarane våre, og Infosenteret handsamar difor etterspurde tenester:

  • Mindre byggjearbeid, t.d. garasje
  • Startlån frå Husbanken
  • Bustønad frå Husbanken
  • Skjenkeløyve
  • Parkeringskort for rørslehemma
  • Tilrettelagt transport for rørslehemma
  • Følgjekort
  • Billettar til kino og kulturarrangement
  • Torgløyve

Opningstider på Infosenteret:
Mandag – fredag 09.00 – 15.30, sentralbordet 08.00 – 15.30

Informasjonsleiar:
Møyfrid K. H. Ellingsund
Tlf.: 57 75 60 07
Mobil: 41 53 49 34
e-post: moeyfrid.ellingsund@flora.kommune.no