Skulestart Florø barneskole

Informasjon til tilsette om konsekvensar av budsjettvedtak 11.01.19

Bakgrunn

Som følge av Flora bystyre sitt budsjettvedtak av 18. desember 2018 i sak 092/18 er kommunen ved rådmannen pålagt betydelege innsparingar. I all hovudsak skal dette skje ved rammekutt. På grunn av omfanget av innsparinga kjem ikkje kommunen unna å nytte nedbemanning som verkemiddel.

Bystyret har ved fordelinga av innsparingskravet i sitt verbalvedtak utdjupa kvar ein forventar innsparing ved nedbemanning. Rådmannen vil sjå heile organisasjonen under eitt, dvs alle sektorar, om kravet skal kunne oppfyllast. Mellom anna fordi det er lagt opp til heilårseffekt og med bakgrunn i omfanget av det totale kravet for budsjettperioden.

Tilsette si deltaking i prosessen

Du som tilsett skal få delta og verte ivaretatt. Dette skjer via arbeidstakarorganisasjonane. For å trygge ivaretaking av deg og andre tilsette gjev lovverket, mellom anna Arbeidsmiljølova § 15.2  tydelege føringar for korleis slike prosessar skal gjennomførast.

Kva er gjort så langt

Rådmannen har etter bystyrevedtaket informert arbeidstakarorganisasjonane (ATO), og hadde eige møte med ATO og personalavdelinga 9. januar 2019. ATO sjølv peikar ut representantar som deltar i det vidare arbeidet.

Vidare framdrift og informasjon

Fredag 18. januar vert det oppstartsmøte mellom representantane frå ATO og personalavdelinga for å legge plan og føringar for det vidare arbeidet.  Straks dette er klart vil du motta meir informasjon.